FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019

Framside Program Arkiv Nynorsk for alle på Agder Om oss Styret Lovane 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 Frå interiøret i lagsstova Kontakt oss

Årsmelding for 2013

 (20.02.2014)

Sidan siste årsmøte 26. februar 2013 har styret vore samansett slik:

Solveig Lima leiar, skulemåls- og heimesideansvarleg

Svein Slettan nestleiar og stipendnemndansvarleg

Anne Austad stipendnemndmedlem og 2. skrivar (Dagleg leiar er hovudskrivar)

Anne Tone Hageland stipendnemndmedlem

Olav Molland styremedlem og leiar i Mållaget Eigedom AS

Bjug Åkre styremedlem

Synnøve Skjær styremedlem

Varafolk valde for eitt år:

1. Hilda Helene Neset 2. Reidun Vik

1. Leiv Storesletten 2. Åsmund Olaf Unhjem

Utsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag 19. - 21. april 2013

Svein Slettan og Solveig Lima.

Utsendingar til årsmøtet i Vest-Agder Mållag 13. april 2013

Olav Molland, Åsmund Olaf Unhjem, Åge Krohn-Gundersen, Bjug Åkre, Hilda Helene Neset og Solveig Lima

Mållaget Eigedom AS frå 01.01.2013 (Tidl.: Forretningsutvalet)

Olav Molland - leiar

Anne Austad - styremedlem

Leiv Storesletten – styremedlem

Dagleg leiar, skrivar og kasserar: Borghild Løver

Frå 1. aug. har Borghild Løver vore i morspermisjon.

Svein Slettan har i perioden vore skrivar.

Solveig Lima har vore kasserar og har hatt delar av jobben som dagleg leiar.

Mållagsaktivitet

Det har vore 11 styremøte med til saman 68 saker. Laget har hatt 8 lagsmøte (inkl. årsmøtet 26.februar og omframt årsmøte 19. mars), ei nynorsk gudsteneste og dessutan vore medarrangør for konsert med Aasmund Nordstoga på Kilden.

Kor mange som har møtt fram på lagsmøta, har variert mellom 15-20 og 50-60.

  • 22. januar: Lagsmøte: Litteraturkveld med Gunstein Bakke. Musikalsk innslag med Astrid og Olve Johannessen på fiolin.

  • 26. februar: Årsmøte, og reiseskrivaren i Mållaga på Agder, B. Løver, var til stades.

  • 12. mars: Lagsmøte: Litteraturkveld med Kjartan Fløgstad. Song av BUL-koret.

  • 19. mars: Omframt årsmøte, også her med reiseskrivaren i Mållaga på Agder til stades.

  • 16. april: Lagsmøte: «Kvinner er ikkje som menn» med Gunhild Hagestad. Arne Rislaa spelte trekkspel til allsongen.

  • 26. mai: Nynorsk gudsteneste i Kristiansand domkyrkje ved Geir Gundersen

  • 4. september: Kilden: Aasmund Nordstoga med band:«Guten. Songar av Aasmund Olavsson Vinje»

  • 8. oktober: Lagsmøte: Kåseri med Ottar Grepstad: «Språksansen – ei forteljing om nynorsk og all verdas språk». Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom, hadde eit kort innslag der han snakka om organisasjonen og arbeidet deira. Vibeke Lauritsen hadde fått med seg 10 - 15 elevar frå klassen hennar på KKG slik at det denne kvelden var eit uvanleg stort ungdommeleg publikum.

Musikkinnslag ved Pål Rake.

  • 5.november: Lagsmøte: «Studentane som vart tvangssende til Tyskland» med Vigleik Frigstad. Etter kaffipausen var ordet fritt, og det var då fleire som fortalde om eigne opplevingar frå krigen.

  • Julemøte med eit interessant kåseri av Bjørg Seland: «To profilar: Aasta Hansteen og Fredrikke Quam i kamp for kvinnesak og målsak».

Gjestetalet var sett til 50 denne gongen også, og menyen var ikkje pinnekjøt, men juletallerken frå Studenten Catering med kaker etterpå. Borghild Løver hadde sytt for juletre, og seinare underheldt ho og Marius Monrad med song og felespel.

Nynorskstafetten var spesiell for mållagsarbeid over heile Noreg dette året. Ingar Arnøy frå NM og Vebjørn Sture, leiar i NMU, var med i stafettbilen som kom til Kristiansand den 8. okt. Dei starta med skulebesøk på Møvig ungdomsskole, deretter KKG og stand på UiA, før dei hadde siste skuletime på Karuss skole. Ein svært vellukka dag!

Nynorsk rettskriving var temaet for kurset Aud Søyland heldt 25. september i aulaen på den gamle lærarskulen. Aud Søyland er tidlegare språkkonsulent i Norsk Språkråd. Mållaget var i kontakt med Pedagogisk Senter i Kr.sand som sende ut invitasjon til alle norsklærarar i ungdomsskulen i Knutepunkt Sør, og det var 80 påmeldte.

Nynorske barnebøker har også dette året blitt kjøpt inn til Mållaget som no har ca 200 ulike titlar, og ca 250 - 300 bøker tilsaman. Det er 3 skular som har nytta seg av desse bøkene i samband med leseprosjekt: 5. trinn på Lovisenlund og 7. trinn på Hånes og Skarpengland. Dei har fått tilbod om utlån og presentasjon og har etter tur lånt 100 – 150 nynorske bøker med svært ulik vanskegrad. Dessutan fekk Torridal ungdomsskole i oktober låne 30-40 bøker til leseprosjekt for elevane på 9. trinn. I Bergtorasvei barnehage har dei frå 2012 lånt nynorske biletbøker som blir skifta ut eit par gongar i året. Tinnstua Barnehage har hatt dei same bøkene frå 2012.

Laget har samarbeid med kyrkjelyden i Domkyrkja om ei nynorsk gudsteneste med kyrkjekaffi. Slikt samarbeid er til stor glede for alle partar.

Samarbeidet med BUL var dette året open konsert i Kilden med Aasmund Nordstoga.

Kransnedlegging ved Jørgen Løvlands byste i Wergelandsparken 17. mai har no vorte ein tradisjon etter at Bjug Åkre som for eit par år sidan gjorde 17. mai-komitéen merksam på at det burde vere ei markering her også. I 2013 var det Sylfest Lomheim som heldt tale og la ned krans her.

Mållaget har også si eiga heimeside der me skriv om møteverksemd og anna som føregår i Mållaget. Her finn ein under Arkiv bilete og artiklar tilbake til 2007.

Lyrikkgruppa hadde 13 samlingar i året som gjekk, og det er Maria Viken som har hovudansvaret for samlingane, eit flott tiltak for lyrikkvener.

Heidersmedlemer i laget er Maria Viken, Johannes Sandsdalen, Anne Lise Stensland, Olav Molland og Anne Austad.

Medlemer i laget som har hatt verv på fylkes- eller landsplan i året som har gått:

Styremedlem i Vest-Agder Mållag og medlem i arbeidsutvalet der: Anne Austad.

Medlemer i næringslivsprisjuryen for Mållaga på Agder: Anne Tone Hageland og Anne Austad.

Haustseminaret til Mållaga på Agder var på Ose laurdag 19. oktober. Sylfest Lomheim gjorde ein god jobb med å leia debatten på seminaret om dagen og halde kåseri om kvelden.

Språkstafetten avslutta reisa på Bygland, og det var ei flott tilstelling i grendehuset om kvelden. Bygland Mållag hadde ansvaret.

Desse reiste frå Mållaget i Kr.sand: Svein Slettan, Anne Austad, Åge Krohn-Gundersen og Olav Kalnes

Borghild Løver har vore dagleg leiar med ansvaret for kontordrifta på 5. året fram til 1. aug. då ho gjekk ut i morspermisjon.

Ånund Løyland og Birger Poulsen har halde fram med vaktmeisteroppgåvene.

Fram til 1. oktober vart Mållagsstova leigd ut til medlemer. Dessutan brukte GCON stova til lunsjpause på kvardagar mellom kl 11-14.

Frå 1. oktober har det vore slutt på aktivitetane i Mållagsstova. P.g.a. ombygging og utleige til Agder og Telemark Bispedømeråd måtte Mållaget ut av 3. høgda. Med god dugnadsinnsats vart alt av kunst og inventar flytt til mellombels lager i kjellaren og til 2. høgda i BUL-salen. Alle møta våre, både lagsmøte, styremøte og møte i lyrikklubben har etter etter denne datoen vore i 2. høgda i ein kombinert BUL-/Mållagssal.

Løyvingar, stønader:

Løyvane dette året har vore mindre enn tidlegare fordi ombygginga i samband med nye leigetakarar krev mykje kapital.

P.g.a. at reiseskrivaren har hatt morspermisjon halve året, er det berre utbetalt kr 100 000 til organisasjonssatsinga på Agder.

Mållaget betaler abonnement på Norsk Barneblad til ein barneskule i kommunen: Sjøstrand skole.

I tillegg betaler mållaget abonnement på Dag og Tid for to vidaregåande skular: Lister (avd. Lyngdal), Tangen og ein høgskule: Mediehøgskolen.

Det er ikkje lyst ut tilbod om stipend til journaliststudentar som vil bruke nynorsk i mediearbeidet, men Johanne Flottorp fekk utbetalt 5000 kr som stod att frå stipendutlysinga 2012/2013.

Laget hadde 129 betalande medlemer ved utgangen av 2013.

 

Styret

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS