FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019

Framside Program Arkiv Nynorsk for alle på Agder Om oss Styret Lovane 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 Frå interiøret i lagsstova Kontakt oss

Årsmøte i Mållaget 16. februar 2016

 (17.02.2016)

Fordi det er oppussing av Mållagssalen no, vart årsmøtet halde i eit lite lokale i 4. høgda. Der står det heldigvis ledig før Stiftelsen SANA flytter inn 1. mars.

Det var eit triveleg årsmøte med i alt 20 frammøtte. Maria Viken er ein trufast diktlesar, og ho sa også dette året ja til å dele tre dikt med oss.

Borghild Løver var skrivar og hadde referatet klart medan romet vart rydda. Både årsmøteprotokoll og årsmelding finn de nedanfor.

Protokoll frå årsmøte tysdag 16. februar 2016

20 av lagsmedlemene hadde møtt fram, inkl. styret og reiseskrivaren frå Mållaga på Agder.

På grunn av måling/oppussing av Mållagsstova i 2. høgda, så var årsmøtet nøydd til å finne stad i 4. høgda.

Sak 1: Opning med godkjenning av innkalling og sakliste

Leiar Solveig Lima ynskte velkomen til årsmøtet. Innkalling og sakliste vart samrøystes godkjent.

Sak 2: Val av møtestyrar

Leiv Storesletten vart vald til møtestyrar.

Sak 3: Val av skrivar

Borghild Løver vart vald til møteskrivar.

Sak 4: Val av to til å skrive under møteprotokollen

Årsmøtelyden valde Olav Molland og Ingebjørg Nesland til å skrive under møteprotokollen.

Sak 5: Årsmelding for lagsdrifta

Svein Slettan las opp årsmeldinga. Gyro Irene Nesland har vore styremedlem i 2015, men var diverre falle ut av årsmeldinga. Kjellbjørg Øydne, 4. varamedlem, heiter Auestad i tillegg til Øydne. Fylkesårsmøtet var på Evje, ikkje Hornnes. Kristin Ljosland (ikkje Ljosdal) hadde musikalsk innslag på lagsmøtet 13. oktober. Heimesida fekk ny, kortare adresse som gjer det meir lettvint å få ho fram: www. maalkrs.no. Forkortingane NM og NMU står for Noregs Mållag og Norsk Målungdom.

Årsmøtelyden godkjende årsmeldinga med ovannemnde merknader.

Sak 6: Rekneskapen for lagsdrifta

Lagsrekneskapen vart gjennomgått av Solveig Lima. Øyvind Grov hadde revidert og underteikna rekneskapen. Årsmøtet kom med merknad om at med så stor satsing som 200 000 kr til organisasjonssatsinga, så ville det vere greitt med 2-3 forklarande setningar i årsmeldinga. Årsmøtet godkjende samrøystes den reviderte rekneskapen.

Sak 7: Budsjett for 2016

Solveig Lima greidde ut om budsjettet for laget i 2016, der utgiftene og inntektene balanserer med 361.000. Årsmøtet godkjende budsjettet samrøystes.

Sak 8: Orientering om drifta i Gyldenløvesgate 11 Eigedom AS

Jan Petter Horn orienterte om drifta i lutlaget i 2015, som hadde generalforsamling 21. mai -15. I styret sit Ole Steffen Gusdal (leiar) og Kari Mysen (styremedlem) frå BUL-Kristiansand, og Jan Petter Horn (nestleiar med ansvar for økonomi/rekneskap) og Dag Olav Hagen (styremedlem). Varamedlemer er Borghild Løver (referent, frå mållaget) og Oddmund Loland (frå BUL-Kristiansand). Dessutan har Solveig Lima møtt på alle styremøta og hatt ansvar for kontorhald og betaling av faktura. Dugnadstimar som vert utførte av laga, vert betalte med 150 kr frå lutlaget.

Årsmøtet tok orienteringa til vitande.

Så var det matøkt med blautkake med marsipan, kaffi og te. Maria Viken frå lyrikklubben las dikt frå Halvor Floden, Haldis Moren Vesaas og Aslaug Ljåstad Lygre.

Sak 9: Vidare løyving til organisasjonssatsinga på Agder 2016-2021

Organisasjonssatsinga til Mållaga på Agder har ein reiseskrivar i 50% stilling som gjer ymse målarbeid i dei to Agderfylka. Vest- og Aust-Agder er ikkje formelt slegne saman, men dei samarbeider om administrasjonen. Reiseskrivaren organiserer turné med målfolk/målprogram som alle laga kan nyte godt av til ein rimelegare penge enn om dei skulle ha ordna dette på eiga hand. Skrivaren reiser på besøk til lokallaga på årsmøte eller andre tilskipingar, organiserer haustseminaret og kulturkvelden på hausten, står på stand for blest og medlemsverving under landbruksdagane og gjer ymse målarbeid. Stiltevling i ungdomsskulen og nynorsk næringslivspris er to relativt faste innslag i Mållaga på Agder/organisasjonssatsinga. Det aller viktigaste i fjor, var oppattskipinga av to lag: Sirdal Mållag og Åseral Mållag.

Etter at reiseskrivaren hadde orientert om organisasjonssatsinga på Agder, vart dette framlegget til vedtak lagt fram:

200 000 kr til organisasjonssatsinga på Agder; intensjon om samarbeid med Mållaga på Agder i 5 nye år, viser til budsjett.

Årsmøtelyden gjekk samrøystes inn for framlegget.

Sak 10: Val

Valnemnda som var Øyvind Grov, Bjug Åkre og Hilda Helene Neset, hadde gjort eit godt valarbeid føre årsmøtet, og årsmøtelyden gjekk samrøystes inn for valnemnda sitt framlegg:

Leiar for eitt år: Solveig Lima

Val av styremedlemer:

Jan Petter Horn (attval for 2 år)

Tobbi Kvaale (attval for 2 år)

Gyro Irene Nesland (ikkje på val, 1 år att)

Svein Slettan (ikkje på val, 1 år att)

Med dei nye lagslovene som vart vedteke i fjor, så vart talet på styremedlemer redusert frå 7 til 5, slik at Targeir Attestog og Kjellaug Kvalsvik dermed gjekk ut av styret. Talet på varamedlemer vart òg redusert frå 4 til 2.

Val av varamedlemer for eitt år:

Leiv Storesletten (1. vara, attval for 1 år)

Kjellaug Kvalsvik (2. vara, ny for 1 år)

Val av valnemnd (for 1 år): Øyvind Grov, Bjug Åkre og Hilda Helene Neset.

Val av 6 utsendingar til fylkesårsmøtet 2. april: Svein Slettan, Solveig Lima, Maria Viken, Olav Molland, Dag Olav Hagen. Bjug Åkre er vara. Den siste utsendingen finn styret blant lagsmedlemene.

Val av 3 utsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag: Tobbi Kvaale, Kjellaug Kvalsvik og Gyro Irene Nesland. Varafolk: Jan Petter Horn og Svein Slettan.

Val av revisor for lagsrekneskapen: Øyvind Grov

Sak 11: Innkomne saker

Det var ingen innkomne saker.

Flotte blomar vart delt ut til Maria Viken, Leiv Storesletten, avtroppande styremedlemer Targeir Attestog og Kjellaug Kvalsvik. Solveig Lima fekk òg ein fin blome for all den gode innsatsen ho gjer på så mange område i laget.

Årsmøtet vart avslutta med ein kik inn i Mållagsstova, som elevar frå Tangen vidaregåande held på å måle for tida.

Olav Molland                                            Ingebjørg Nesland

Årsmelding for 2015

Sidan siste årsmøte 17. februar 2015 har styret vore samansett slik:

Solveig Lima leiar (skulemåls- og heimesideansvarleg)

Svein Slettan nestleiar

Tobbi Kvaale styremedlem

Gyro Nesland styremedlem

Targeir Attestog styremedlem

Jan Petter Horn styremedlem (medlem i styret for Gyldenløves gate 11 Eigedom AS)

Kjellaug Kvalsvik styremedlem (kontakt for samarbeidet med Domkyrkja om ein salmekveld)

Dagleg leiar er Borghild Løver, skrivar og kasserar (og varamedlem til styret for Gyldenløves gate 11 Eigedom AS)

Varafolk valde for eitt år:

1. Leiv Storesletten (kontakt for samarbeid med Domkykja om nynorsk gudsteneste), 2. Anne Tone Hageland, 3. Martin Skjekkeland, 4. Kjellbjørg Øydne Auestad

Vårseminar i Fredrikstad, 14. - 15. mars, arrangert av Noregs Mållag: Svein Slettan og Solveig Lima.

Utsendingar til årsmøtet i Vest-Agder Mållag, Hornnes 9. mai 2015:

Gyro Nesland, Targeir Attestog, Solveig Lima, Svein Slettan, Maria Viken og Ragnhild Mydland.

Haustseminaret på Ose, laurdag 17. oktober: Svein Slettan, Anne Kari Slettan og Solveig Lima.

  • Styret i Mållaget utgjer saman med styret i BUL frå 1.1.2014 generalforsamlinga i Gyldenløves gate 11 Eigedom AS.

 

Mållagsaktivitet

Det har vore 10 styremøte med til saman 70 saker. Laget har hatt 8 lagsmøte (inkl. årsmøtet 17. februar) og samarbeidd med Domkyrkja om ei nynorsk gudsteneste.

Frammøtet på lagsmøta har variert frå 20 - 30 til 60 – 70 personar.

  • 20. januar: Lagsmøte: Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag: Om målsak og nynorsk. Musikalsk innslag ved studentane Kristin Ljosland og Johannes Wiegaard.

  • 17. februar: Årsmøte. Diktlesing v/Maria Viken.

  • 17. mars: Lagsmøte: Gudlaug Nedrelid: «Namnerenessansen. Om norske personnamn.» Allsong

  • 14. april: Lagsmøte: Alfred Fidjestøl: Frå Asker til Eden. Song av BUL-koret.

  • 31. mai: Nynorsk gudsteneste i Kristiansand domkyrkje ved Gunvor Lande

Kyrkjekaffi i Mållagssalen etterpå.

  • 22. sept.: Dag Bjørke Bremer: «120 år med nynorsk lovspråk, 1895 – 2015» . Song av BUL-koret

  • 13. okt.: Forfattar og historikar Aina Basso: "Makt og avmakt: Fortidas kvinnelege forbrytarar"

Musikalsk innslag ved Kristin Ljosland og Johannes Wigaard

  • 17. nov.: Vidar Haslum: Stadnamn. Verd å verne, men korleis? Allsong

  • 08. des.: Emil Otto Syvertsen: Nordisk jul i song og musikk. Kveding v/Olaf Moen

Nynorske barnebøker har også dette året blitt kjøpt inn til Mållaget. Me har om lag 200 ulike titlar, og om lag 250 bøker til saman.

I 2015 var det fire skular som har nytta seg av desse bøkene i samband med leseprosjekt: 5. trinn på Lovisenlund, 7. trinn på Strømme, Hånes og Skarpengland. På Skarpengland var det leseprosjekt både i januar og desember. Skulane har fått tilbod om utlån og presentasjon og har etter tur lånt 100 – 150 nynorske bøker av svært ulik vanskegrad.

Sidan 2012 har Bergtorasvei barnehage halde fram med å låne 20 nynorske biletbøker som blir skifta ut to gonger i året.

I 2015 er det dessutan gitt 1 bokpakke på 10 biletbøker til fylgjande barnehagar og skular: Bergtorasvei, Eplehagen, Ravnedalen, Kløverhagen, Tinnstua og Søm barnehagar, Karuss og Øvre Slettheia skolar.

Samarbeid med Domkyrkja: Sidan 2010 har laget samarbeidd med Domkyrkja om ei nynorsk gudsteneste med kyrkjekaffi Mållagssalen etterpå. Det var Ragnhild Mydland som fyrst hadde kontakt med menighetsrådet i høve 125-års jubileet for Domkyrkja. Leiv Storesletten overtok og har hatt god kontakt med kyrkja og kome med framlegg til folk som kan halde gudsteneste.

Kjellaug Kvalsvik vart vald frå styret til å samarbeide om ein nynorsk salmekveld som vart halden 1. februar.

Kransnedlegging ved Jørgen Løvlands byste i Wergelandsparken 17. mai har no vorte ein tradisjon. Det var Bjug Åkre som i februar 2012 gjorde 17. mai-komitéen merksam på at det burde vere ei markering her. Etter Bjug Åkre (2012), Sylfest Lomheim (2013) og Ernst Håkon Jahr (2014), heldt Kjellaug Kvalsvik tale og la ned krans i 2015.

Heimeside: Mållaget har også si eiga heimeside der det vert skrive om møteverksemd og anna som føregår i Mållaget.: www.maalkrs.no

Lyrikkgruppa hadde 14 samlingar i året som gjekk med Maria Viken som hovudansvarleg for samlingane, eit flott tiltak for lyrikkvener.

Heidersmedlemer i laget er Maria Viken, Johannes Sandsdalen, Anne Lise Stensland, Olav Molland og Anne Austad.

Verv: Medlemer i laget som har hatt verv på fylkes- eller landsplan i året som har gått:

Styremedlem i Vest-Agder Mållag: Anne Austad.

Medlemer i næringslivsprisjuryen for Mållaga på Agder: Anne Tone Hageland.

Haustseminaret til Mållaga på Agder var i Storstoga på Ose laurdag 17. oktober. Hege Lothe frå NM sentralt innleidde om temaet Nynorskopplæring for vaksne innvandrarar, eit emne som engasjerte. Ho synte oss til slutt litt om praktisk bruk av nettsider. Frå Kristiansand var desse tilstades: Svein Slettan, Anne Kari Slettan, Anne Austad og Solveig Lima.

På kulturkvelden fredag 16. oktober var Jan Olsen frå Bygland føredragshaldar. Han fortalde levande om arbeidet med å samle inn syklar til Cuba og viste bilete frå dette. Frå Mållaget i Kristiansand møtte dei same som på seminaret.

Nynorskstafetten 2015 var på turne i Vest-Agder i oktober. Hege Lothe, Noregs Mållag, og Synnøve Marie Sætre, Noregs Mållungdom Ungdom, nytta då høvet til å ha stand på UiA 16.10. i samband med Sørlandsk lærarstemne. Kjellaug Kvalsvik, Svein Slettan og Solveig Lima var med eit par økter der.

Løyvingar, stønader:

Det vart løyvd 2000 kr til Kvinesdal historielag i samband med nyutgjeving av boka Kynnehuset og 1000 kr til Festskrift frå Samlaget i høve ordbokserien som no er ferdig.

NMU fått 1100 kr og Kringkastingsringen fått 250 kr i gåver.

I 2015 vart det utbetalt kr 200 000 til organisasjonssatsinga på Agder.

Abonnement på Norsk Barneblad vart gitt til alle 5. klassingane ved Lovisenlund, Karuss og Hånes skular, i alt 128 blad.

I tillegg betaler laget årsabonnement på Dag og Tid for to vidaregåande skular: Lister, avd. Lyngdal og Tangen vgs, og årsabonnement for NLA Mediehøgskolen Gimlekollen.

Andre tiltak: Styret ved Svein Slettan sende i mai brev til kinosjefen i Kristiansand om det kunne veljast nynorsk teksting av filmatisseringa av Skammarens dotter. Dette fekk me positiv tilbakemelding på.

I samband med at forfattaren Aina Basso var i Mållaget 13. oktober, var ho på skulebesøk til Vågsbygd og Kvaderaturen vgs der ho snakka om bøkene sine og det å vere forfattar. Mållaget samarbeidde med Folkebiblioteket i Kristiansand slik at utgiftene vart delt.

Kontordrifta: Borghild Løver har vore dagleg leiar med ansvaret for kontordrifta.

Vaktmeister: Arne Hagen.

Laget hadde 129 betalande medlemer ved utgangen av 2015.

Styret

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS