FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019

Framside Program Arkiv Nynorsk for alle på Agder Om oss Styret Lovane 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 Frå interiøret i lagsstova Kontakt oss

Årsmøte i mållaget 14. februar 2017

 (15.02.2017)

Dette året kunne årsmøtet haldast i ein nyoppussa og fin sal. Det meste av kunsten er no hengt opp og kjem godt fram i den lyse salen.

Etter blautkake og kaffi var det tid for diktlesing ved Maria Viken.

Svein Slettan og Gyro Irene Nesland gjekk ut av styret, og dei nyvalde er Vibeke Lauritsen og Sylfest Lomheim. Svein har vore med heilt sidan 2009 og vore nestleiar sidan 2013. Gyro har sete i to år.

Under sak 9 hadde Ragnar Alrek sendt inn synpunkt, og Kjellbjørg Auestad kom med innspel under årsmøtet. Det nye styret vil arbeide vidare med dette.

Protokoll frå årsmøte tysdag 14. februar 2017

20 av lagsmedlemene hadde møtt fram i Mållagsstova, inkl. styret og reiseskrivaren frå Mållaga på Agder.

Sak 1: Opning med godkjenning av innkalling og sakliste

Leiar Solveig Lima ynskte velkomen til årsmøtet.

Innkalling og sakliste vart samrøystes godkjent.

Sak 2: Val av møtestyrar

Leiv Storesletten vart vald til møtestyrar.

Sak 3: Val av skrivar

Borghild Løver vart vald til møteskrivar.

Sak 4: Val av to til å skrive under møteprotokollen

Årsmøtelyden valde Bjug Åkre og Maria Viken til å skrive under møteprotokollen.

Sak 5: Årsmelding for lagsdrifta

Svein Slettan las opp årsmeldinga. Ein av årsmøtedeltakarane sette fram ynske om å ha Yasmin Syed på møte i Mållaget i Kristiansand.

Årsmøtelyden godkjende årsmeldinga samrøystes.

Sak 6: Rekneskapen for lagsdrifta

Lagsrekneskapen vart gjennomgått av Solveig Lima. Nytt i rekneskapen denne gongen, er bokføringa av lånet til Gyldenløvesgate 11 Eigedom AS på 2.257.635 kr. Olav Molland kommenterte at det ikkje var heilt samsvar med postane i orienteringa frå Gyldenløvesgate 11 Eigedom AS (som vert handsama seinare) og lagsrekneskapen, og det stemmer – fordelinga av postane vil bli sett nærare på neste år. Øyvind Grov hadde revidert og underteikna rekneskapen.

Årsmøtet godkjende samrøystes den reviderte rekneskapen.

Sak 7: Budsjett for 2017

Solveig Lima greidde ut om budsjettet for laget i 2017, der utgiftene og inntektene balanserer med 357.000. Kva treng laget av pengar, og kva kan aksjeselskapet gje av pengar? Dette var eit sentralt spørsmål stilt under møtet. Orientering frå satsinga i høve Mållaga på Agder vart gjort under møtet, der resultatet av satsinga viste seg dagen før, nemleg stor siger for nynorsk (67%) i skulemålsrøystinga i Sirdal. Her hadde Mållaga på Agder ved reiseskrivaren gjort eit organisatorisk arbeid på førehand ved å verve mange nye medlemer og få til eit styre med unge folk i Sirdal Mållag.

Årsmøtet godkjende budsjettet samrøystes.

Sak 8: Orientering om drifta i Gyldenløvesgate 11 Eigedom AS

Jan Petter Horn orienterte om drifta i lutlaget i 2016, som hadde generalforsamling 18. mai -16. I styret sit Ole Steffen Gusdal (leiar) og Kari Mysen (styremedlem) frå BUL-Kristiansand, og Jan Petter Horn (nestleiar med ansvar for økonomi/rekneskap) og Dag Olav Hagen (styremedlem). Varamedlemer er Borghild Løver (referent, frå mållaget) og Oddmund Loland (frå BUL-Kristiansand). Dessutan har Solveig Lima møtt på alle styremøta og hatt ansvar for kontorhald og betaling. Dugnadstimar som vert utførte av laga, vert betalte med 150 kr frå lutlaget.

Årsmøtet tok orienteringa til vitande, med helsing og klapp attende til styret i aksjeselskapet for den flotte innsatsen dei gjer.

Så var det matøkt med blautkake med marsipan, kaffi og te. Maria Viken frå lyrikklubben resiterte dikt av Arne Garborg, Jakob Sande, Haldis Moren Vesaas, Aslaug Ljåstad Lygre og Olav H. Hauge.

Sak 9: Vegen vidare for Mållaget i Kristiansand det neste tiåret

Korleis ta vare på nynorsken? Jfr. framlegg om å sløyfe karakteren i sidemål?

Ragnar Alrek hadde sendt inn framlegg som gjekk på både det organisatoriske (fleire medlemer) og språkpolitiske målarbeidet (nynorsk, god omsetting, ikkje for radikal). Det vart ein liten debatt om dette, men sidan det var så seint på kvelden, var det ikkje mogleg å gå djupt inn i saka.

Kjellbjørg Auestad forklarte eit vesentleg moment i nynorskdebatten på kven som får fritak frå sidemål i vdg. opplæring:

  • Alle minoritetsspråklege elevar

  • Alle med individuelle opplæringsplanar

  • Elevar med spesielle behov

  • Elevar som ikkje har hatt sidemål eller vurdering i sidemål i grunnskulen

  • Yrkesfagleg program har lite norsk på fyrsteåret: Totalt 56 timar på årsbasis

  • Yrkesfagleg program har òg lite norsk på andreåret

  • Det er berre elevar på yrkesfagleg program med påbyggingsfag som får nynorsk – og berre viss dei trekkjer nynorsk til eksamen, sidan det er trekkfag.

Altså er det elevar som skal ha studiekompetanse som skal ha sidemål.

Eit viktig punkt til er å få inn godkjenning av lærebøker att, for det er ikkje gode nok bøker.

Møteleiar gjorde framlegg om å ha debatten på eit lagsmøte med 2-3 innleiarar, og at Kjellbjørg Auestad kunne lage ein kronikk i samarbeid med styret der ovannemnde punkt vart synleggjort.

Årsmøtet gjekk inn for siste setning og at styret fekk i oppgåve å sjå nærare på saka.

Sak 10: Val

Valnemnda som var Øyvind Grov, Bjug Åkre og Hilda Helene Neset, hadde gjort eit godt valarbeid føre årsmøtet, og årsmøtelyden gjekk samrøystes inn for valnemnda sitt framlegg:

Leiar for eitt år: Solveig Lima

Val av styremedlemer:

Jan Petter Horn (ikkje på val, 1 år att)

Tobbi Kvaale (ikkje på val, 1 år att)

Vibeke Lauritsen (nyval for 2 år)

Sylfest Lomheim (nyval for 2 år)

 

Val av varamedlemer for eitt år:

Leiv Storesletten (1. vara, attval for 1 år)

Kjellaug Kvalsvik (2. vara, attval for 1 år)

Val av valnemnd (for 1 år): Øyvind Grov, Svein Slettan og Gyro Nesland.

Val av 6 utsendingar til fylkesårsmøtet 1. april: Olav Molland, Maria Viken, Dag Olav Hagen, Tobbi Kvaale, Kjellaug Kvalsvik. Den siste utsendingen og varafolk får styret fullmakt til å velje

Val av 3 utsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag: Det er ikkje naudsynt i år, ettersom landsmøtet berre er annakvart år, dvs. at det er landsmøte fyrst i 2018.

Val av revisor for lagsrekneskapen: Olav Molland

Sak 11: Innkomne saker

Det var ingen innkomne saker.

Flotte blomar vart delt ut til Maria Viken, Leiv Storesletten, avtroppande styremedlemer Svein Slettan og Gyro Nesland.

______________                                   ______________

Maria Viken                                             Bjug Åkre

 

 

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS