FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 7. DESEMBER 2019

Framside Program Arkiv Nynorsk for alle på Agder Om oss Styret Lovane 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 Frå interiøret i lagsstova Kontakt oss

Lovendring på årsmøtet 13. februar 2018

 (18.05.2018)

I samband med revisjon av rekneskapen for 2017 såg Olav Molland på lovene igjen, og han at meinte ordlyden i § 3 måtte gjerast heilt klår for framtida. I samarbeid med styret la han fram dette forslaget til endring av § 3:  Det som laget tener og eig, skal brukast i samsvar med §1

§ 3 slik han står no: Det som laget tener på forretningsdrift eller på annan måte, skal brukast i samsvar med § 1.

Olav Molland er tidlegare leiar i forretningsstyret for Mållaget og frå 2001 leiar i Sameiget for Mållaget og BUL. Han har heile tida arbeidd for at laget skal ha god økonomi. Sidan han har jobba som bankmann, har det vore rett mann på rett plass.

Han har alltid meint at det viktigaste for Mållaget er å arbeide for nynorsk, men utan pengar kan ein ikkje drive eit lag. Etter BUL kjøpte 2. høgda i 2000 og gjekk inn i sameige med Mållaget, har han tenkt at den enklaste og sikraste måten å drive båe laga på, er å gå saman i eit aksjeselskap.

Dette vart vedteke i båe laga på årsmøta i 2013, og lovene for Mållaget måtte då samordnast med lovene for BUL. Det vart arbeidd med lovene i 2014, og på årsmøtet til Mållaget i 2015 vart dei nye lovene vedtekne.

Det var berre ei lita endring som vart gjort i 2018, men endringa gjer det klart at inntektene til Mållaget skal nyttast for å fremje nynorsk.

 

Lovene slik dei vart vedtekne på årsmøtet 13. februar 2018:

HISTORIKK:

Mållaget i Kristiansand vart skipa i år 1900 og har seinare vore ein samlingsplass for folk som arbeider for å ta vare på og auke bruken av nynorsk. I 1909 gjekk laget inn i Noregs Mållag, som var skipa 1906. I 1906 fekk laget den første kaffistova i byen.

1915 kjøpte laget eigedomen Gyldenløvesgt. 11, og har etter det halde til der. På denne eigedomen vart det reist eit nytt forretningsbygg, ferdig 1971. Her dreiv laget kaffistove med møterom og selskapsrom fram til august 2000. 2. høgda vart då seld til BUL-Kristiansand slik at Gyldenløvesgate 11 vart ei sameige mellom Mållaget i Kristiansand og BUL-Kristiansand.

I 2013 vart drifta av Mållagsbygget på årsmøtet vedteke gjort om til eit lutlag, der BUL eig 26,4%, som utgjer 137.000, og Mållaget eig 73,6%, som utgjer 363.000 av ein aksjekapital på 500.000,- kr. Namnet på lutlaget var Mållaget Eigedom AS – som på omframt årsmøte same året fekk stilt dei naudsynte formelle krava og endra namn til Gyldenløvesgate 11 Eigedom AS.

 

LOVER FOR MÅLLAGET I KRISTIANSAND

§ 1

Mållaget i Kristiansand vil arbeide for å fremje bruken av nynorsk skriftmål, normaltalemål og dialektar, og samle målfolk i Kristiansand og omland. Laget vil stø arbeid for å sikre at komande slekter nyttar norsk språk på alle livets område.

 

§ 2

Den som er samd med målsetjinga i § 1, kan bli medlem av laget. Dersom nokon motarbeider det som er føremålet med laget, kan vedkomande misse medlemskapen sin. Det er styret som gjer vedtak om dette. Styrevedtaket kan ankast til årsmøtet, som gjer endeleg vedtak.

 

§ 3

Det som laget tener og eig, skal brukast i samsvar med § 1.

 

§ 4

Årsmøtet, som er laget sitt øvste organ, skal haldast innan utgangen av mars. Årsmøtet godkjenner rekneskapen for laget, og tek avgjerd i dei sakene som styret legg fram.

Årsmøtet vel:

  1. Leiar for eitt år.

  2. 4 styremedlemmer valde for 2 år om gongen, tilnærma to av kvart kjønn.

  3. 2 varamedlemmer.

  4. Valnemnd med 3 medlemmer.

  5. Revisor for laget.

 

§ 5

Styret førebur alle saker som skal fram på årsmøtet, og kunngjer både møtet og sakene minst 14 dagar føreåt. Styret skipar elles til alle møte og samkomer, og greier med alt som trengst etter dei vedtaka laget gjer. Styret vel nestleiar og skrivar seg imellom. Styret kan dessutan velje medlemmer til å leie andre aktivitetar. Styret kan tilsetje dagleg leiar, kasserar og skrivar. Styret representerer aksjane på Gyldenløvesgate 11 Eigedom AS si generalforsamling (årsmøtet), og må røyste samla.

 

§ 6

Styret set opp plan for lagsmøta og ordnar med program for desse. Rusmiddel må ikkje nytast i noko samkome som laget skipar til.

 

§ 7

Det er berre årsmøtet som kan vedta endringar i lovene. Berre dei som har betalt årspengar i meldingsåret, har røysterett. Det trengst 2/3 fleirtal for slike vedtak av dei som er møtt fram.

 

§ 8

Blir laget lagt ned eller skifter føremål så det ikkje lenger kan vere medlem i Noregs Mållag, skal styret i Vest-Agder Mållag ta vare på eigedomen og andre verdiar til laget kjem i gang att, eller til det blir starta opp eit nytt lag som fyller krava til medlemskap i Noregs Mållag. Går det 5 år utan at aktiviteten i laget er starta opp att, eller eit nytt godkjent lag i byen blir skipa, skal det opprettast ei stifting som skal arbeide for målsaka i samsvar med § 1 i denne lova. I styret for stiftinga skal det vere folk frå fylkeslaget, Noregs Mållag, frå politisk utval for kultur i fylket og frå Institutt for nordisk og mediefag på UiA.

 

Nyhende frå nm.no:
 

 

Solveig Lima
Nyhende frå nm.no:

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS