FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Opplesing av nynorske biletbøker i Kløverhagen barnehage

 (23.03.2011)

Ragnhild Mydland frå Mållaget i Kristiansand har vore to onsdagar og lese for borna i Kløverhagen barnehage.
Interessen er stor, og her er mange bøker velje i. Det er små grupper ho les for, og alderen varierer frå 2 - 3 år til 5 - 6 år.


Denne onsdagen er det dei største borna som får besøk, og det er ofte ivrige kommentarar å høyre.
Borna er heilt med når ho les frå boka Timothy mister seg sjølv.
Bøkene om Bæ og Bø er også svært populære. Det er dessutan laga dokker til desse, noko som gjer figurane endå meir levande.


Noregs Mållag har ein kampanje no om meir nynorsk i barnehagen: Gjennom ord blir verda stor. Mållaget i Kristiansand er med ei opplesing som dette med og støttar kampanjen ved at borna møter eit større språkmangfald gjennom dei nynorske bøkene og opplesinga.

Personalet ved Kløvergården barnehage har gitt svært positive tilbakemeldingar, og dette er inspirasjon for vidare arbeid i barnehagen.

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS