FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Alfred Fidjestøl: "Frå Asker til Eden"

 (16.04.2015)

Journalist, filosof og forfattar Alfred Fidjestøl heldt eit grundig og svært engasjerande foredrag i Mållaget tysdag 14. april. Utgangspunktet var boka om Askerkretsen, eit uformelt nettverk rundt Hulda og Arne Garborg m.fl..

Kva var så grunnen til at han tok til å interessere seg for kollektivet på Labråten i Asker? Han fortalde at då han tidlegare hadde arbeidd med historia til boka om Det Norske Teateret 1913 - 2013, hadde gapet mellom denne skrøpeleg flokken menneske og prosjekta dei sette i gang, fått han til å undrast! Det fascinerte han at desse menneska skulle endre Noreg for alltid.

I september 1897 flytte Hulda og Arne Garborg, Marta og Rasmus Steinsvik, Karen og Ivar Mortensen til det lille gardsbruket Labråten på Hvalstad i Asker. Dei hadde i fleire år jobba saman om å skrive og gje ut avisa Den 17 de Mai. Dei ville bu på landet og ikkje i ein by, men det var svært vanskeleg å finne ein stad som alle kunne godta. Til slutt kjøpte Rasmus Steinsvik Labråten, og han la opp til at alt skulle vere ok for Arne Garborg, enten han ville bu der eller ikkje.

Flyttelasset vart forsinka, og ingenting var klart då familiane kom fram ein regnfull ettermiddag. Hulda gjekk straks i gang med å gjere det beste ut av situasjonen medan Arne heldt seg unna. Eit eksistensielt spørsmål for dei var kven dei skulle vere og kor dei skulle bu? Skulle verkeleg sonen, Arne Olaus Fjørtoft Garborg, vekse opp og bli Askergut? Korkje Arne eller Hulda hadde vakse opp i trygge kår, og no skulle dei freiste å gje sonen ein god barndom!

I tillegg til dei tre ektepara vart fleire kunstnarar etterkvart knytt til Askerkretsen: T.d. Tilla og Otto Valstad, Rasmus Løland, Olav Nygard og Kristoffer Uppdal. Dei hadde ein politisk og kulturell styrke som gjorde at dei fekk utretta svært mykje.

- Norsk Barneblad, det fyrste nynorske barnebladet i Noreg og eit av dei eldste eksisterande barneblada i verda, var det Rasmus Løland som starta.

- I !911 var Den 17de Mai den tredjestørste avisen i Noreg. Han var riksdekkande og på nynorsk. Dei dikta sølv, omsette frå Homer t.d., og nokon illustrerte. I 1935 skifta avisen namn til Norsk Tidend.

- I 1910 hadde Hulda fått i gang eit eige teater som drog rundt i landet og spela stykke på nynorsk: Det Norske Spellaget. Ho instruerte og ordna med kostyme, og med dette la ho grunnen for Det Norske Teateret som hadde fyrste framsyninga i Kristiansand 2.januar 1913.

- Innsamling av folkedansar og bunader starta med Hulda som pådrivar.

Menneska på Labråten var flinke til å knytte til seg andre, og dei såg vel at med så mykje sjukdom og galskap som det var mellom dei, var det naudsynt å få med seg folk som kunne drive prosjekta vidare. Dei oppmuntra og hjelpte fram ein ny generasjon kunstnarar!

Dei hadde hatt ein draum om å skape  eit paradis på jord, ein Edens hage. Det kan ein seie at Hulda og Arne fekk då sonen deira som tidlegare hadde kome til kort på mange måtar, utdanna seg til gartnar. Han fann seg si Eva, og saman fekk dei fire born som voks opp der.

BUL-koret skapte ei fin ramme rundt heile kvelden. Dei opna med folkevisa Det står ein friar, Strid for fred av Arne Garborg og Blåmann, Blåmann av A.O. Vinje. Ole Steffen Gusdal frå koret fortalte litt om kvar song.

Dei avslutta med danseframsyning av Småsporven, Trolldans og Fram dansar ein haugkall. Den fyrste og siste er frå Haugtussa, og til alle tre har Hulda Garborg skrive dansemåten.

Dette passa svært godt til foredraget og viser at noko av det Hulda arbeidde med, framleis er levande.

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS