FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Haustprogrammet 2015

 (19.06.2015)

Lyrikkgruppa har den fyrste samankomsten 1. september. Alle lyrikkveldar byrjar kl 18:30 og er opne for alle, både medlemer og ikkje-medlemer.

Det er sjølvsagt lagsmøta også, og denne hausten er det svært mange interessante tema som fleire bør få med seg. Tips vener og kjende om møta våre! Alle lagsmøta byrjar kl 19:00 i Mållagssalen i Gyldenløvesgt 11, inngang frå Kirkegata.

Til det fyrste lagsmøtet, 22. september, har me vore så heldige å få hit leiaren i juristmållaget, Dag Bjørke Bremer. Han vil ta føre seg bruk av nynorsk i norske lover. 13. oktober får me møte forfattar og historikar Aina Basso. I dei fire bøkene ho til no har skrive, tek ho utgangspunkt i dei usynlege i samtida og historia, om minoritetane og kvinnene. 17. november er temaet: Stadnamn. Verd å verne, men korleis? Det er førsteamanuensis Vidar Haslum frå UiA som kjem med synspunkt og refleksjonar rundt det å ta vare på stadnamn, med døme frå Agder-regionen. 8. desember er det julemøte, og då vil Emil Otto Syvertsen kåsere over emnet Nordisk jul i song og musikk. Han er kjend for mange gjennom musikk- og litteraturomtalar i Fædrelandsvennen. Alle er velkomne til julemøtet, men der er det påmelding.

Hjarteleg velkomen til Mållaget i Kr.sand hausten 2015

September

Tysdag 01. Lyrikk

Tysdag 08. Styremøte

Tysdag 15. Lyrikk

Tysdag 22. Lagsmøte kl 19: Dag Bjørke Bremer: Bruk av nynorsk i norske lover

Musikalsk innslag ved BUL-koret.

Oktober

Tysdag 06. Lyrikk/styremøte

Tysdag 13. Lagsmøte kl 19: "Makt og avmakt: Fortidas kvinnelege forbrytarar" Eit møte med forfattar og historikar Aina Basso.

Tysdag 20. Lyrikk

November

Tysdag 03. Styremøte

Tysdag 10. Lyrikk

Tysdag 17. Lagsmøte kl 19: Vidar Haslum: Stadnamn. Verd å verne, men korleis?

Tysdag 24. Lyrikk

Desember

Tysdag 01. Styremøte

Tysdag 08. Julemøte kl.19: Emil Otto Syvertsen: Nordisk jul i song og musikk

 

Nedanfor kan du lese meir om kvar enkel føredragshaldar:

22.09. Bruk av nynorsk i norske lover

Dag Bjørke Bremer, f. 1984, er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen i 2010. Han har sidan 2011 arbeidd ved Toll- og avgiftsdirektoratet, særavgiftsavdelinga m.a. med regelverksarbeid og klagesaker, og er styreleiar i Juristmållaget frå 2015. I føredraget vil han ta føre seg «120 år med nynorsk lovspråk, frå 1895 til 2015. Det ligg jo òg interessante historier og personprofilar bak lovgjevingsarbeidet, og eg tenkte kombinere dette med det meir språklege/faglege».

13.10. Makt og avmakt: Fortidas kvinnelege forbrytarar. Eit møte med forfattar og historikar Aina Basso, f. 1979. Aina Basso debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite, ei bok om overgrep og blodskam på 1700-talet. I 2010 følgde ho opp med ein roman for vaksne: Fange 59. Taterpige, om livet til ei ung romanikvinne og møtet med tukthusvesenet i Trondheim på 1700-talet. Denne boka vart ho tildelt Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts pris for.
I 2012 kom ungdomsromanen Inn i elden, om hekseprosessane i Finnmark på 1600-talet. Denne boka vart nominert til Brageprisen, Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk Råds Pris for beste barne- og ungdomsbok 2013.
I 2014 gav Basso ut vaksenromanen Finne ly, frå Finnskogen på 1850-talet, som tematiserer møtet mellom romanifolket og det norske, både fastbuande nordmenn og myndigheitene.
«Som både historikar og forfattar er eg interessert i dei som bevegde seg i randsonene i samfunnet, og alle bøkene mine handlar om fortidas kriminelle. Dei handlar om undertrykking og overgrep, om makt og avmakt, om dei som fell utanfor, eller som blir haldne utanfor, om dei som blei straffa som kriminelle, men som i dei fleste tilfelle ikkje ville vore kriminelle i dag, og sjølvsagt: om dei usynlege i samtida og historia, om minoritetane og om kvinnene

17.11. Stadnamn. Verd å verne, men korleis?

Vidar Haslum, f. 1958, er førsteamanuensis ved Institutt for nordisk og mediefag ved Universitetet i Agder. Han er språkforskar med stadnamn som spesialfelt, men har også skrive om personnamn, dialektar og lokalhistoriske emne, i tillegg til at han har arbeidd som kartteiknar. Hovudoppgåva hans dreier seg om stadnamn i nabolaget vårt: Stadnamn i Birkenes kyrkjesokn. Ein grammatisk og semantisk analyse (1996), og doktoravhandlinga har tittelen Artikkelløse stedsnavn i norsk talespråk. En studie i onomastikk og dialektologi (2003). Vidar Haslum har sidan 1970-talet arbeidd mykje med innsamling av lokale stadnamn, særleg i Birkenes. I Kristiansand har han laga eit namnehefte for prestegarden i Tveit (2010).

Om føredraget: «Eg vil kome med nokre synspunkt og refleksjonar rundt det å ta vare på lokale stadnamn, med døme frå Agder-regionen. Det finst mange gode grunnar til å ta vare på stadnamn. Dei lokale stadnamna er ei viktig kjelde til språk- og kulturhistorie, samstundes som namn har praktisk nytte. Dessutan er det viktig å ta vare på namnekunnskap for at framtidige generasjonar skal kunne skjøne innhaldet i lokalhistoriske dokument. I synet på stadnamn som kulturminne har det vore ulike meiningar. Mykje strid har det særleg vore rundt spørsmålet om normeringsprinsipp og skrivemåtar, og eg vil i innlegget kome inn på korfor skrivemåtane av stadnamn har vore så skiftande.»

 

08.12. Nordisk jul i song og musikk.

Emil Otto Syvertsen, f. 1948, er pensjonert lektor og tidlegare kulturjournalist. I ei årrekke har han vore musikk- og litteraturmeldar i Fædrelandsvennen, og er ein skatta føredragshaldar og kåsør i mange samanhengar. Han har redigert bøkene Levende stener - et kor-eventyr. Historien om Domkirkens Barnekor/Schola Cantorum og dets dirigent Margrethe Erikstad (2001) og Åpen kirke midt i byen - Kristiansand domkirke 125 år (2010).

 

 

 

 

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS