FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Møte med forfattar og historikar Aina Basso 13. oktober

 (17.10.2015)

"Makt og avmakt: Fortidas kvinnelege forbrytarar".

Aina Basso gav oss eit inspirerande og godt føredrag denne tysdagskvelden. Ein entusiastisk lærar frå KKG hadde med seg mellom 20 og 30 ungdomar, noko som gav eit fint publikum i salen. Både ungdom og vaksne kan ha stort utbytte av å lese bøkene hennar.

Aina Basso gjer eit grundig førearbeid med bøkene. Menneskeskildringane er gode, og ein trur på det som vert fortalt. Livsvilkåra til personane hennar er svært dårlege, men i alle bøkene er det visjonar om lys og livsglede, sjølv under dei verste tilhøve.

Forfattaren fortalde at ho alltid har likt å skrive, men ikkje funne noko "ordentleg" å skrive om før ho begynte å studere historie i Trondheim.

Alle bøkene hennar tek difor utgangspunkt i noko som verkeleg har hendt. Gjennom lesing av rettsprotokollar og kyrkjebøker frå 1600- og fram til 1900-talet såg ho kor mykje urett som var gjort mot dei var nederst i samfunnet.

I arbeidet med masteroppgåva i historie på NTNU såg ho på ni ulike rettssaker frå 1730-talet. Alle dreide seg om blodskam, og boka Ingen må vite frå 2008 byggjer på desse rettssakene.

I Trondheim budde ho i nærleiken av staden der tukthuset liggg, og ho såg føre seg menneska som gjekk i dei same gatene for fleire hundre år sidan. Var dei så mykje annleis enn oss? I Fange 59. Taterpige vert hovudpersonen Maria sett inn på tukthuset berre for at ho var tater,  og her er handlinga lagt til midt på 1700-talet i Trondheim.

Behandlinga av romanifolket i Noreg gjorde henne opprørt, og i Finne ly er handlinga lagt til Finnskogen på 1850-talet. Her er det to hovudpersonar: Hanna, som høyrer til dei reisande, og Johannes, son til ein småbrukar. Vi får såleis sjå livet frå båe sider, frå taterjenta sitt synspunkt og frå dei fastbuande.

Slekta til Aina Basso på farssida er frå Vardøtraktene, og i dette området vart mange trollkvinner brent frå 1580 til 1630. Til og med unge jenter vart dømt til bålet. Den siste boka hennar Inn i elden (2014) byggjer på rettsprotokollar frå denne tida. Her skiftar synspunkta mellom Elen, dotter til ei "klok kone", og overklassejenta Dorothe frå København som blir gift med futen i Vardø. Denne boka vert i desse dagar utgjeven på fransk og på dansk!

 

Musikalskt innslag var denne gongen ved Kristin Ljosland og Johannes Wigaard. Båe studerer på UiA, og det er andre gongen dei er i Mållaget. Det er nydeleg å høyre Kristin framføre ulike viser medan Johannes akkompagnerer på piano. Visene hadde ho plukka frå både Jan Eggum og Aasmund Olavsson Vinje, og dei avslutta med visa: "Å måle dagen blå" som ho sjølv hadde omsett frå dansk: "Regnvejrsdag i november".

 

Samlaget hadde også sendt med bøker av Aina Basso som vi kunne selje, noko fleire var interesserte i!

 

 

 

 

Solveig Lima
Nyhende frå nm.no:

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS