FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Skarpengland skole klar for nynorskprosjekt i tre veker

 (10.11.2015)

Ein entusiastisk lærar og blide elevar på 7. trinn tok vel imot meg då eg kom for å presentere nynorske bøker. Både 7A og 7B var samla i eitt klasserom sidan dei har same norsklærar. Sjølv om dei var mange, gjekk dette svært greitt.

Etter luftepausen skulle dei velje bøker. Men nokre hadde alt sett seg ut ei bok dei gjerne ville starte med, og dei fekk dermed boka på pulten før pausen. Bøker om krigen, om dyr og om fotball hadde eg inntrykk av at dei gjerne ville ta fatt på.

Alle fekk etter pausen utdelt eit skjema der det skal noterast kva bøker dei les. På slutten av leseperioden får alle diplom og blir med på trekking av nynorske bøker.

Jentene diskuterer litt før dei bestemmer seg. Kan spenningsbøkene til Magnhild Bruheim vere noko? Eller Aina Basso si bok om hekseprosessene i Finnmark på 1600-talet? Desse gutane var derimot raske til å velje dyrebøker.

I løpet av prosjektperioden skal elevane også skrive ein bokomtale på nynorsk. Bokomtalar er noko dei tidlegare har drive mykje med, så dette skal gå svært greitt, meinte Christine Endrerud, ein positiv og bevisst språklærar for 7. trinn.


 

 

 

 

 

Solveig Lima
Nyhende frå nm.no:

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS