FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Nynorskprosjekt på 5. trinn på Lovisenlund skole

 (11.04.2016)

Måndag 11. april var 5. trinnet på Lovisenlund klar for å lese nynorsk. Nokre få hadde lese nynorskbøker før, og nokre hadde også sett filmar som er bygd på eit par av bøkene eg hadde med.

Det er mange elevar på trinnet, og etter presentasjonen fekk dei gå inn gruppevis på romet ved sida av og låne. Her vert bøkene liggjande under leseperioden, slik at elevane heile tida kan gå inn og skifte ut og låne nye.

Kontaktlæraren for trinnet, Anne-Lise Stangenes, har lagt opp til heimelekse og fleire timar lesing på skulen i perioden, så dei fleste skulle bli godt kjent med nynorske bøker i dei neste vekene.

Som vanleg var det mange som fann ei bok å lese i med ein gong, medan andre måtte tenkje seg meir om. Då er det fint å få tips av dei andre i klassen om bøker som er "gøye".

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS