FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Kyrkjekaffi i Mållaget 22.5.2016

 (22.05.2016)

Nærare 80 personar var innom til kyrkjekaffi i Mållagssalen denne sundagen.

Samarbeidet med Domkyrkja om nynorsk gudsteneste og kyrkjekaffi i Mållagssalen har halde fram sidan 2010. Dette er eit tiltak både kyrkja og Mållaget set pris på!

I kyrkja heldt forfattaren Olav Mosdøl ei fin preik over dagens tekst, og kvedaren Olaf Moen framførte to songar. Leiv Storesletten frå Mållaget var skriftlesar, noko han har vore i fleire år, og fungerande domprost Aud Sunde Smemo stod for liturgien. Sjølvsagt var alt på nynorsk.

Etter den nynorske gudtenesta var Olav Mosdøl med til Mållagssalen.

Under kaffipausen her fortalte han litt om seg sjølv og oppveksten i Øvre Setesdal før han las nokre av dikta sine.

Det var interessant at han trekte fram kvinnene og deira slit! Kvinnene hadde anna å gjere enn å risse namna sine inn i veggene på støylsbuene slik karane ofte gjorde. Men stevje kunne dei, medan dei rørte i grytene eller tok seg av borna.

Leiv Storesletten var ein god leiar av samlinga i Mållaget etter gudstenesta, og denne oppgåva har han i fleire år teke på seg.

Nynorsk gudsteneste og kyrkjekaffi er ein fin tradisjon som me ynskjer å halde fram med.

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS