FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

God og humørfylt konsert med Raabygg

 (10.11.2016)

Dei unge jentene i Raabygg gav ei god og variert musikalsk oppleving i BUL/Mållagssalen onsdag 9. november. Fulle av energi og godt humør framførte dei slåttar og bånsullar frå dei  indre bygdene på Agder.

Sigrid Kjetilsdotter Jore spelte harpeleik og munnharpe, Tuva Færden og Johanne Flottorp hardingfele. Alle var svært dyktige, og den fine vekslinga mellom spel og song var glimrande gjennomført.

Johanne, Sigrid og Tuva har kjent kvarandre lenge, men starta å spele saman som studentar på Noregs musikkhøgskule i 2013. Dei er alle tre særs aktive på den norske folkemusikkscena. Ved sida av Raabygg har dei fleire bandprosjekt, og alle tre markerer seg også sterkt som soloutøvarar.

På klart og tydeleg Vallemål fortalte Sigrid Kjetilsdotter Jore om alle dei fine opplevingane i samband med innsamling av materiale. Dei har vore på besøk til mange kjelder for å samle inn slåttar og historier. "Ein etter far", som er tittelen på det fyrste albumet deira, peikar på at dette er noko dei har lært av eldre og vil føre vidare.

Etter kaffi og cd-sal var dei klare for å spele til dansen, og den gode stemninga i salen varte like til møteslutt.

 

 

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS