FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Vårprogrammet 2018

 (12.11.2017)

Hjarteleg velkomen til Mållaget i Kristiansand våren 2018

Lyrikkgruppa startar 16 januar til vanleg tid, kl 18:30. Flott at Maria Viken vil vere ansvarleg for å halde liv i gruppa også dette halvåret.

Alle lagsmøta, som er opne for alle, tek til kl 19:00, og 30. januar kjem Alfred Fidjestøl. Han gav i haust ut "Nesten menneske. Biografien om Julius" , og han vil snakke om boka på dette møtet..

Årsmøtet er 13. februar, og årsmøtepapira vert send til medlemene 14 dagar i førevegen.

 

30. januar. Alfred Fidjestøl: «Nesten menneske. Biografien om Julius» Musikalsk innslag ved koret «Syng på norsk»

13. februar. Årsmøte. Kåseri ved Sylfest Lomheim. Diktlesing.

20. mars. Eskil Skjeldal om boka si: «Eg slepper deg utan at du velsignar meg». Allsong.

24. april. Endra program: Martin Skjekkeland: "Ei dialektreise frå Søgne til Valle" Musikalsk innslag ved BUL-koret

17. mai. Kransnedlegging og tale ved bysta til Jørgen Løvland ved Tobbi Kvaale

3. juni: Nynorsk gudsteneste med kyrkjekaffi i Mållagssalen. Salmediktar og teologiprofessor Arve Brunvoll held preika.

Kort presentasjon av føredragshaldarane våren 2018:

30.01. Alfred Fidjestøl: «Nesten menneske. Boka om Julius». Det er vinnaren av Språkprisen 2017 som kjem til Mållaget 30. januar. Språkrådet deler kvart år ut prisen for framifrå bruk av norsk i sakprosa, annakvart år for nynorsk og bokmål. Fidjestøl vart heidra med prisen 15. november og uttaler til NPK at «Det var spesielt kjekt å få denne prisen i haust etter utgivinga av «Nesten menneske» som på mange måtar har vore eit spesielt prosjekt for meg» (Nationen ...11.17). Fidjestøl er født i 1973 i Bergen. Han er utdanna filosof og har arbeidd som journalist og fagbokforfattar. Han er den fyrste sakprosaforfattaren som har blitt tildelt Gyldendals Sultpris. Bøker han har skrive: «Eit halvt liv. Ein biografi om Per Sivle» (2007), «Trass alt. Det Norske Teatret 1913–2013» (2013), «Frå Asker til Eden. Askerkretsen 1897-1924» (2014), «Eit eige rom. Norsk kulturråd 1965 – 2015». Fidjestøl var i Mållaget i april 2015 og heldt då eit interessant føredrag om Askerkretsen.

Årsmøtet 12.02.: Sylfest Lomheim kåserer. Språkprofessor Sylfest Lomheim er født i 1945 i Hafslo i Sogn. Han er utdanna filolog og var i mange år knytt til Høgskolen i Agder, der han var rektor frå 1987 til 1992. Frå 2004 til 2010 var han direktør i Språkrådet. Han er no professor emeritus ved institutt for nordisk og mediefag ved UiA. Han var språkkonsulent i NRK frå 1980 til 1994, medarbeider i radioprogrammet Språkteigen frå 1990, og ein kan framleis høyre han i dette programmet. Dessutan har han ei språkspalte i Klassekampen kvar onsdag, og i tillegg til dette er han reiseleiar på mange turar i Tema-reiser. På årsmøtet i 2017 vart han vald inn i styret for Mållaget i Kristiansand.

20.03. Eskil Skjeldal: «Eg slepper deg utan at du velsignar meg». Eskil Skjeldal er født i Bærum i 1974. Han er skribent og kritikar i Vårt Land og Dag og Tid, og han har doktorgrad frå Det teologiske menighetsfakultet i Oslo. Han arbeider no som seniorrådgjevar på eit kompetansesenter for psykisk helse og rus. Skjeldal har skrive fleire bøker, mellom anna den kritikarroste samtaleboka «Mysteriet i trua» (2013), saman med Jon Fosse.

Boka han skal snakke om i Mållaget «Eg slepper deg utan at du velsignar meg» kom i 2017. Det er ei historie om ei tru som sviktar, om kampen som leier fram til avskjeden med Gud. I fleire år hadde han vore prest, men så slutta han å tru på Gud. Korleis kunne det skje? Kvifor slutta trua å gje meining?

24.04. Arnhild Skre: «Kald krigs kviskring. Barndom under den kalde krigen». Forfattaren er født i Bergen i 1952. Ho har solid røynsle som kulturjournalist gjennom meir enn tretti år i NRK, Dag og Tid og Aftenposten. Ho har doktorgrad i historie og har skrive kritikarroste biografiar om Theodor Kittelsen, Ragnhild Jølsen og Hulda Garborg. I 2011 fekk Arnhild Skre Brageprisen for biografien «Hulda Garborg. Nasjonal strateg». I 2012 heldt ho eit engasjert føredrag om Hulda Garborg i Kristiansand, eit møte arrangert av BUL og Mållaget.

I «Kald krigs kviskring» blir idyllisk etterkrigsbarndom omskapt til velskrivne essay om forteiing og angst for atomkrig. Skre utforskar korleis NATO-medlemskap, frykt for atombomba, Koreakrigen, kommunistjakt og Cubakrisa var med og forma norske barnesinn etter andre verdskrigen. «Eg trudde lenge at eg voks opp i ei roleg tid på ein stad verna for verda. Larmen frå andre verdskrigen var stilna. Atomprøver small i den tidlege kalde krigen, men smella var langt borte.»  

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS