FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Alfred Fidjestøl i Mållaget

 (01.02.2018)

Etter ein fin start med koret "Syng på norsk" i regi av Human-Etisk forbund, var det Fidjestøls tur til å presentere den siste boka si: "Nesten menneske. Biografien om Julius".

Fidjestøl er m.a. kjent for biografiane om Per Sivle og om Arne og Hulda Garborg i Askerkretsen. Korleis kunne han kome på å skrive ein biografi om ein sjimpanse?

Ideen kom då han og kona var med dei tre borna deira i Dyreparken i Kristiansand.

Julius var då reintegrert i sjimpanseflokken etter å ha vore utestengd i mange år. Etter seks månader vart han avvist av mor si sommaren 1979 og tatt med heim til Edvard Moseid. Dette skapte mykje avisstoff og god reklame for Dyreparken.

Fidjestøl har hovudfag i filosofi og avslutta foredraget med spørsmålet om kva det vil seie å vere menneske? Skilnaden på menneske og dyr er kanskje ikkje så stor. Foredraget starta han med å nemne det felles opphavet til menneske og apar for 6 mill. år sidan. Mykje er likt, sjølv om me tilhøyrer ulike artar.

For å skrive ein god biografi om eit menneske, trengst det grundige studiar. Det same galdt sjimpansen Julius. Fidjestøl brukte mange timar på Statsarkivet, der det var store mengder avisartiklar.

Etter det var klart at Dyreparken godkjende prosjektet, var forfattaren der ofte og observerte. Han hadde fysisk arbeid og utstyr til å vere med på ting, spadde til og med møkk!

Fidjestøl skildra godt lausrivingsprosessen frå familien Moseid då Julius skulle førast attende til Dyrkeparken. Julius hylte og reiv i bursprinklane, og han greidde ikkje å bli godtatt av flokken slik han var. Vanene han hadde blitt prega av hos menneska gjorde det umogeleg.

Fidjestøl får godt fram intelligensen og strategien Julius viste for å overleve, men dette vart til slutt for farleg for dei som jobba i parken. Han fekk si eiga øy med eiga grotte, og til og med ei sjimpanseho flytta inn der utan at det vart så stor suksess.

I 2005 då leiarsjimpansen, Sjampo, døyr, blir Julius gradvis ført inn i flokken for å bli den nye leiaren. Men å bli øverste flokkleiar er eit spel Julius ikkje har lært seg. Ein flokkleiar er som ein politikar. Dei må bygge allianser. Ein sjimpanse gjer dette ved å samle inn mat som han deler ut, vise omsorg ved å stelle pelsen til andre t.d., og dette spelet må lærast. Julius har lært det, og han har vorte ein upartisk og flink flokkleiar.

Heilt til slutt kom Fidjestøl inn på at sjimpansane er ei utryddingstruga dyregruppe, og at dyreparkar gjer eit vikig arbeid for å ta vare på arten. Dei kan bli opp til 60 år gamle, og Julius er no 39 år.

Sjimpansen Julius var eit veleigna biografisk objekt, meinte Fidjestøl. Det er noko tvetydig ved han! Boka "Nesten menneske. Biografien om Julius"  har vorte ei fin bok med mange fotografi. Det siste biletet viser Julius saman med andre apar som "les" i ei bok dei held opp-ned!

Fidjestøl er ein engasjert og dyktig forteljar. Sjølv om me ikkje var fleire enn 17-18 frammøtte, var det ein fin kveld med god stemning og lett å kome i kontakt med forfattaren.

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS