FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Fylkeslaga i Aust- og Vest-Agder hadde sine årsmøte laurdag 3. mars 2018

 (05.03.2018)

Fylkesårsmøta for Aust- og Vest-Agder Mållag gjekk føre laurdag 3. mars på Furuly, Evje. Mållaget i Kristiansand stilte med seks utsendingar; Solveig Lima, Dag Olav Hage, Andrea Campo, Andrea Maini, Ingebjørg Nesland Steen og Ronny Rognhaugen.  Totalt var det om lag 40 utsendingar. Møtet tok til med ei fellessamling kor Sigurd Brokke fortalde om www.vallemal.no. Dei har gjort ein stor dugnadsjobb for å registrera, kontrollera og dokumentera ordtilfanget i Valle. 12.773 ord er så langt registrert og av desse er 8.673 ferdig utfylde. NRK, Setesdølen og Fædrelandsvennen har hatt oppslag om arbeidet. Etter innlegget kom Andrea Maini med opplysningar om aukande filologisk interesse for denne databasen. Sambandet mellom Vallemålet og norrønt har lenge vore kjend, men det finst òg eldre opphav i urnordisk, urgermansk og indoeuropeisk. Det jobbast med tilskiping av eit Valleseminar i 2019 og på lengre sikt kan det vere snakk om at Setesdalsmålet kan kome på UNESCO si liste over kulturell verdsarv. Parallellen til «Elfdalian» i Nord-Sverige vart nemnd sidan ei engelsk nemning er heilt naudsynt og «Setesdalian»  vert truleg utfallet.

Skulemålsrøystinga i Sirdal vart nemnd og utsendingane frå Kvinesdal la vekt på kor viktig mobilisering rett før valet er. Dei var jamvel uroa over at det kunne vere så kort tid som fem år mellom røystingane. Det var som regel tilflytta bokmålsfolk som tok initiativet. Eventyrboka frå Bygland vart nemnd særskild og finst truleg til sals på Evje og i Kristiansand. Stiltevlinga hadde bra deltaking i 2017, men tiltaket kan marknadsførast betre lokalt. Gledeleg at Studentmållaget ved UiA er i drift att, men utfordringa vert kontinuitet frå år til år. Næringslivsprisen er ikkje delt ut på nokre år, men skal delast ut i 2018. Det oppmodast til å finna kandidatar. Organisasjonssatsinga på Agder held fram som viktigaste prosjekt for mållaga på Agder. Tiltaket er i stor grad finansiert av Kristiansand og dei frammøtte synte stor takksemd for dette.

Etter matøkt med varm suppe spelte Sigurd Brokke fire slåttar på munnharpe. Musikken vart krydra med stutte soger på levande Vallemål. Etterpå gjekk Aust-Agder på gangen og Vest-Agder gjennomførde sitt årsmøte. I denne samanheng er det viktig å vita at Iveland, Evje og Hornnes høyrar til Vest-Agder. Årsmeldinga, rekneskapen og budsjettet vart vedteke utan atterhald. Det var ikkje komen framlegg til årsmøtet.  Innstillinga frå valnemnda vart vedteken utan motkandidatar. Ny leiar for Vest-Agder Mållag vart Marit Fjordheim frå Iveland. Øyvind Grov frå Kristiansand tok attval som styremedlem og det same gjorde Solveig Lima som andre vara.

Ronny Rognhaugen
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS