FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Eskil Skjeldal gjesta Mållaget 20. mars 2018

 (22.03.2018)

Forfattar og tidlegare prest Eskil Skjeldal gjesta oss og møtet tok utgangspunkt i boka "Eg slepper deg utan at du velsigner meg".

Det var tjuge frammøtte som ville høyra den personlege historia til Eskil Skjeldal (44). Jan Petter Horn hadde førebudd seg godt og styrte samtalen med Eskil. Jan Petter stilte sine spørsmål, Eskil svarte, las utdrag frå boka si og tilhøyrarane fekk kome med sine merknader. Eskil vaks opp i ein ateistisk heim i Bærum, men søkte eit fellesskap i Bryn kyrkje. Der møtte han musikk, gudsteneste og fornuftige prestar. Han hadde fått det nye testamentet (NT) og hadde byrja lese litt, men elles var det songen i gutekoret som trakk mest. Kyrkjelyden var nøktern og høgkyrkjeleg utan noko innslag av tungetale og ekstase. I ettertid har han tenkt at det òg var eit slags opprør mot sin far. Han skriv på nynorsk fordi han han kan og har fått gode skussmål for sin språkbruk.

Etterkvart byrja han å studera språk og litteratur ved UiO før teologi ved Menighetsfakultetet (MF). Han jobba som prest i fire år før han tok ein doktorgrad i teologisk etikk ved MF. Konverterte til Den katolske kyrkje i 2011 og gjekk i Dominikanarkloster. Dei psykiske vanskane vart òg tydelegare. Ven, teolog og prior Arnfinn Haram døyr i 2012. Eit vendepunkt vart framsyninga "Freuds siste møte" av Mark St. Germain ved Nationaltheatret 2013. I dette tenkte møtet, mellom ateisten Sigmund Freud og den omvende C.S. Lewis i september 1939, drøftar dei religiøse krefter. Freud karakteriserer kristendommen som "giftig lygn" og vinn Eskil sin sympati.

Prosessen med å mista trua enda opp i artikkelserien «Skuldingar mot Gud» som er publisert i Dag og Tid 2013. Han seier han er ein "treig" type som skriv som sjølvterapi. Kristendommen tilbyr båe meining og trøyst, men jakta på Gud kan vere fånyttes. Spelar rolla som seg sjølv, eit dobbelt skodespel. Mista trua mot eigen vilje. Det handla ikkje om polemikk. Hadde ingen religiøs ballast. Einsamt å tru på ein Gud som aldri svarar. Krev handling, men veit det ikkje kjem. Noko vert øydelagd av denne vona. Har møtt mange som har mist trua, men dei fleste finn attende. Nokon prestar sluttar. Kristendomen kan vere skræmande for born sidan det finst så mange lovnader det ikkje er grunnlag for.

Religionspsykologi; på jakt etter svar. Ein lever det same livet med eller utan Gud, men med ei tru kan ein få kjensla av avvising. Eskil møtte kritikk i Vårt Land for å næra tvil for andre. Har etterkvart fått meir vyrdnad for det gamle testamentet (GT). Salmane sine bøker, klagesalmane, Job er kritikk av Gud. Meir menneskeleg og ærleg i GT. NT er konsolidert og redigert. Teologi er eit fantastisk fag som femnar språk, historie, dogme, litteraturgransking og kritikk. I ettertid angar ikkje Eskil på sitt val av utdanning. Utanom skrivinga jobbar han i dag ved Nasjonalt kompetansesenter for rus og helse.

Sylfest Lomheim kjem til slutt inn på etymologi omkring ordet gud. Germansk og heidensk opphav kjenner me frå godi som var loveseiemann på Island. I overførd tyding den du vendar deg mot når du treng hjelp. Deus kjem frå latin og tydar ljos. Jahve kjem frå hebraisk og tydar eksistens eller rettare tilvere. Sylfest meinte òg at Johannesevangeliet er det minst truverdige pga. mange historiske feil. Teologisk kan konklusjonen vere annleis.

Etterpå vart det kringle, kaffi og te.

Ronny Rognhaugen
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS