FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Møte på Mimrebu fredag 6. april 2018

 (09.04.2018)

Mållaga på Agder hadde samling på Mimrebu fredag 6. april 2018. Nærare 15 møtte, dei fleste utsendingar til Landsmøtet i Noregs Mållag (NM) neste helg. Der er det påmeld 20 frå Agder. Det heile tok til med ei solid matøkt, kor italiensk ost laga av sauemjølk var høgdepunktet. Attåt var det eit stort utval av brød, frukt og grønsakar. Stor takk til Borghild for gjennomføringa!

Fyrste sak var organisering av skyss til Rauland. Deretter gjekk me gjennom sakslista og drøfta nokre punkt. Fleire meinte at kjønnsdelte formøte var ein overreaksjon frå NM styret, som heller ikkje hadde grunngjeve årsaka i sakspapira. Det var truleg #EgOg saka, men det er meir uvisst kor aktuell denne problemstillinga er i NM. Uansett var dei fleste tvilande til at kjønsdeling var rette løysing, og at dette var eit meir høveleg tiltak for ungdomsorganisasjonar. Når det gjeld økonomisakar er det eit framlegg frå Hordland om eigen reiseskrivar. I den samanheng kan Agder kome med eit innlegg om korleis dette er løyst med sjølvfinansiering. Føresetnaden er at det finst lag med liknande økonomi som Kristiansand.

So var me over på arbeidsprogrammet 2018-2022. Her var det særleg to sakar som vart drøfta. Det fyrste knytt til line 147-148 om mållova i statlege verksemder. Her kjem det fram at nynorsk mest ikkje finst i skriv og tenester frå HelseNorge, HELFO, Helsedirektoratet eller Helseforetaket Sør-Aust. Her treng me handfaste prov som døme på stoda. Andre saka var knytt til samarbeid med samerørsla og andre minoritetsspråk i Noreg. Fleire tok til orde for at det er farleg å gje opp jamstellinga, for deretter å krevja særrettar som minoritet. Til samanlikning er det nokre få tusen som kan flytande samisk, medan minst ein halv million skriv nynorsk. Dessutan er det eit heilt anna slektskap mellom dei norske språka nynorsk og bokmål, enn mellom norsk og ulike minoritetsspråk. Uansett syn på denne saka var det stor semje om at målrørsla i større grad må krevje positiv diskriminering i favør av nynorsk. Bokmålet har vorte så dominerande at nynorsk treng eit varig vern båe i kjerneområda, randsonene og ikkje minst i byområda.

Som vanleg har det kome inn framlegg som årsmøtet skal ta stilling til. Ei sak som har vore opp tidlegare er normeringa av nynorsk. Ullensvang Mållag oppmodar landsmøtet til å gjera ordlista til Arvid Langeland til offisiell nynorsknorm. Det viste seg ganske raskt at dei fleste frammøtte støtta synet om at ein måtte gå attende til ei meir konservativ språknorm som tek med seg dei særskilde markørane som skil nynorsk frå bokmål. Røynde landsmøtedeltakar gjorde oss merksame om at styret i NM vil freiste å avvisa saka så fort som råd. Det er difor viktig at dei som støtter saka er godt førebudd med båe innlegg og støttespelarar. Skal nynorsken overleve som eit levande språk må me ein gong for alle gravleggja samnorsken!

Ronny Rognhaugen
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS