FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Ferdaminne frå Landsmøtet i Noregs Mållag 12-15. april 2018

 (20.04.2018)

Solveig, Tobbi og Ronny var utsendingane frå Kristiansand som saman med to frå Søgne køyrde frå Kristiansand torsdag kl. 14. På vegen stoppa me i Åraksbø og åt sveler. So bar det oppetter Setesdalen før me tok av til Bjørnevatn ved Rotmo. Siste biten var båe bratt og svingut ned til Dalen og likeins opp til Åmot, før siste etappe til Rauland Høgfjellshotell. Masse sno langs vegen, men vegane var bare og elles berre merka av ekte telehiv. Klokka var 19 då me kom fram og fekk tildelt rom. Suppe til kveldsmat før ein kvass Kviss 2030. Spørsmåla var med få unnatak høgkulturelle innafor musikk og litteratur, gjerne i kombinasjon. Litt geografi opna for andre interesser, men det var heller ikkje enkelt. Bussen frå Oslo kom seinare enn planlagd og dei kjønnsdelte formøta tok til nærmare 23. Tema var høveleg framferd og oppmoding om å uttrykkja seg kort og sakleg. So var det berre å koma seg i seng sidan bussane gjekk kl. 08 neste morgon.

For min del sov eg ikkje so godt og mange andre kunne melde om det same. Kanskje var det fjøllufta som var uvant for oss frå kysten?  Frukost og klargjering gjekk greitt før bussturen til Åmot på ein halv time. Åstaden for sjølve Landsmøtet var Vinjehuset, eigentleg ein idrottshall som òg kunne nyttast til andre oppgåver. Ute var det vindstille og sol, medan inne var det svalt og trongt. Kl. 9 vart det offisiell opning med helsingar frå lokale hovdingar og innimellom song Sondre Brattland. Nynorsk barnelitteraturpris for 2017 vart delt ut til Maria Parr for «Keeperen og havet». Hennar fyrste bok var «Vaffelhjarte» frå 2005. Magne Aasbrenn held leiartalen og minna om at det 100. årsmøtet sidan 1906 var det største på 30 år. Telemark er på mange vis typisk for Noreg. 17 % tek til med nynorsk i grunnskulen, 9 % fullførar ungdomskulen med nynorsk og 6 % fullførar vidaregåande med nynorsk. Målbyte er eit stort og veksande problem. Odda-modellen med parallelle nynorsk- og bokmålklassar ut ungdomsskulen kan bøte på dette. Ny mållov er venta i denne stortingsperioden og ufallet vert viktig for målrørsla.

Etter pause vart det føredrag med Olav Vesaas om Aasmund Olavsson Vinje og nynorsk journalistikk. Slutten på pausane vart ofte markert med allsong som Borghild eller andre frå ordstyrarbordet leia. Då kom alle snøgt på plass. Neste talar var politisk bladstyrar i Bergens Tidene (BT) Frøy Gulbrandsen. Nynorsk har vorte ein naturleg og viktig del av BT, men det skjer utan kvotering. Dei beste får jobben, men ofte skriv dei beste nynorsk. Jamvel er det viktig å ta kampen for at alle aviser skal opne for nynorsk. Kristian Rantala fortalde om planane for det nye Vinje-senteret, like ved Plassen der Vinje vaks opp. Til nonsmat fekk me karbonadar med nok energi til ettermiddagsøkta. Då var økonomi fyrste tema og Marit og Solveig la fram korleis mållaga på Agder finansierar vår reiseskrivar. Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner held hovudtale litt før kl. 18. Han sa kor viktig Noregs Mållag er for det norske språk og viste forståing for problemet med tilgang på nynorske læremiddel. Elles var han rund i vendingane og kom ikkje med nokon lovnader. Jamvel syntes eg det var det ein god tale. So var det i buss attende til hotellet og ein liten halvtime fri før middag. Det var sjølvplukk av poteter, ris og grønfôr attåt varmt og kaldt frå fe, fisk og fugl. Til slutt var det eit stort utval av kaker og anna godt. Kulturskulen i Vinje synte fram sin vokster og det vart stev med tri unge jenter og eigen song med ei litt eldre. Høgdepunktet vart Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad som song og spelte seg gjennom livssoga til den tredje Aasmund som feira 200 år. Ekstranummer vart sjølvsagt «Blåmann, Blåmann bukken min» som er kommunesongen i Vinje. For dei som ikkje hadde fått nok av drikke, mat og song fanst det alternativ, men dei fleste kraup snøgt til sengs.

Laurdag morgon vakna me til nok ein strålande dag med 5 kuldegradar som ikkje kjendest kalde. Klokka 9 var me klare for nye økter. Jens Kihl la fram utkastet til arbeidsprogram 2018-2022 før det vart ordskifte i grupper og i plenum. Mange teikna seg til innlegg og taletida vart satt ned til 1 ½ minutt. Det vart oppmoda til kortare yvigangar mellom innlegga og å unngå handfanging etter innlegga for å spara tid. Eg argumenterte for å ta burt referansane til samerørsla. Det vart ikkje høve til ordskifte om sakene, berre nokre få replikkar. Innlegga var ikkje sortert på noko vis etter tema, eller om det handla om ordlyd eller meir prinsipielle spørsmål. Deretter ei  ny økt med fråsegner, berre avbroten av nonsmat. Tobbi la fram ei ny fråsegn med yviskrifta «Staten bryt mållåva» og peika på at Helsedirektoratet, Helsenorge.no og helseføretaka berre nyttar bokmål.

Olav Vesaas fortalde so litt om foreldra sine, deira oppvekst, korleis dei møttest og levde på Midtbø. Klokka 16 delte me oss på fire bussar for rundtur til Midtbø, Plassen og Raulandsakademiet før me var attende på hotellet. Olav Vesaas viste oss rundt på Midtbø som var ganske uendra frå då Tarjei og Halldis levde. På Plassen tok Aasmund Nordstoga i mot oss og fortalde om folk og hus. Og sjølvsagt song han ein stubb. Då me kom attende til hotellet hadde me ein heil time til å stella oss og finna fram finstasen. Halv ni var alle på plass til festmiddag og denne gongen var det servering ved borda. Forretten var omnsbaka pære med geitost og fransk saus. Det var godt, men lite. Hovudretten var kalvesteik på rosenkålmos med flesk og grilla tomat. Då var den verste svolten stogga og det var tid for creme brûlèe med brunost. Det smakte godt med brunost på toppen, men uvissa om det var geitost eller mysost breia seg utyvi langborda. Drikke var etter eige ynskje og for eiga rekning. Det siste jfr. nye retningsliner. Nokon av oss hadde fått smaken på eit lokalt øl med ein rundare fruktsmak (IPA) og nytta høvet opptil fleire gongar. Med servering til so mange og ulike prisutdelingar og innslag tok det si tid. Mellom anna fekk Olaug Nilssen Nynorsk litteraturpris 2017 for boka «Tung tids tale». Kvelden vart avslutta musikalsk med drosi frå Seljord, med fylgje på gitar og piano. Diverre fekk ikkje med meg namnet. Det var allereie midnatt og dei fleste syntest det fekk vere nok, sjølv om me kunne sove 15 minutt lenger dagen etterpå.

Sundagen starta som dei andre med frukost frå litt yvi 7. Mindre kø enn vanleg tyda på at nokon må ha sovi godt. Praten gjekk om korleis me skulle få dratt i hop alle sakene på ein kort dag. For siste gong kunne me nyta det storfelte utsynet mot Hardangervidda og eg tenkte "når ser eg atter slike fagre fjell?". Me pakka oss ut av hotellet og køyrde bilen til Åmot. Programmet tok til 0915 og var delt i tre ulike seminar. Tobbi fylgde nynorsk journalistikk med Øystein Skjæveland, Solveig fylgde den digitale skulen med Marit Aakre Tennø og Kjartan Helleve. Eg høyrde på Jon Todal som fortalde om lærdommane frå samerørsla. Han meinte at jamstellingspolitikken fungerte bra dei fyrste 70 åra når nynorsk var i vekst, men tilsvarande dårleg dei siste 70 åra med tilbakegang. Han konkluderte med at einspråklege strategiar som nynorsk eller samnorsk ikkje lenger var ein farbar veg og at framtida var fleirspråkleg. Diverre vart det ikkje høve til ordskifte og han sa ingenting om korleis nynorsk kunne oppnå same juridiske vern som samisk utan ILO konvensjonen.

Gjennomgang og vedtak av arbeidsprogrammet var neste punkt. Skrivarstova delte ut eit hefte med 125 endringspunkt på 64 sider til arbeidsprogrammet på 17 sider eller 839 liner. Det opphavlege arbeidsprogrammet hadde sju dissensar, alle frå Målungdommen ved Fredrik Hope. Grunngjevinga for endringsynskja var ikkje tilgjengeleg og meir prinsipielle endringar som omhandla fleire punkt vart lausrivne. Møtenemnda tilrådde samrøystes nær 60 av framlegga, av og til med nokre mindre endringar. 61 framlegg var tilrådd avvist og av desse berre 5 som ikkje var samrøystes i nemnda. Nemnda grunngav ikkje sine avgjerder skiftleg, sjølv om Kihl kommenterte nokre saker i si innleiing. Berre 1 av 125 framlegg gjekk i mot tilrådinga frå nemnda. Mine endringsframlegg om koplinga til samerørsla vart avvist, men ein setning om positiv diskrimering av nynorsk vart innarbeidd.  Mange saker vart klubba igjennom utan at nokon rakk å reagera, i bestefall var det 10-30 på eit bord som var samkøyrd. Dei fleste hadde nokre hjartesaker som dei fylgde med på, men var elles passive. Resultatet tyda på at det var lite påverkingsverksemd utyvi eige fylkeslag. Målungdomen var samkøyrde, men truleg meir styrt av intern lojalitet enn av ein overordna strategi. Gjennomføringa minna mest om ein splitt og hersk teknikk slik Kihl som ein spøk uttalte seg dagen før. Det var sikkert ikkje meininga, men det vart uansett utfallet.

Den viktige saka om normering av nynorsk som Arvid Langeland frå Ullensvang hadde tatt til orde for fekk berre 34 røyster. Etter mitt syn hadde fleire argumentert godt for at trass i politisk vinning og mindre synleg motstand mot nynorsk so smuldrar sjølve språket burt. At saka jamvel fekk få røyster var skræmande og tyder på at sjølv om samnorsken offisielt er daud, so lever han i beste velgåande i målrørsla. Framlegg frå Hordaland og Rogaland om økonomisk støtte til regionale reiseskrivarar fekk meir støtte, men langtfrå nok. Pga. tidspress måtte valet av nytt styre framskundast. Magne Aasbrenn og Jens Kihl fekk attval som leiar og nestleiar utan motkandidatar. Det same var tilfellet for resten av innstillinga frå valnemnda. To gjekk ut av styret og vart erstatta av to nye. Handfanginga fekk nesten eit Stalinistisk preg og brått var det ikkje so farleg med tidsbruken. Då det var tid for fråsegner hadde ein del allereie reist og resten var ganske slitne. 65 framlegg var vurdert av redaksjonsnemnda som fekk gjennom alle sin tilrådingar; 22 avvist, 21 vedteke, 9 ikkje vurdert og 3 redaksjonelle endringar. Dirigentbordet kom dårleg i gang med gjennomføringa og fleire saker måtte røystast om. Etter eit par mannskapsbyte gjekk det greiare. Tobbi sitt framlegg vart teken vidare av Studentmållaget i Bergen og vedteke som fråsegn 11. Då var det heile yvi og gjestane kom seg ut i friluft og fann skyss heimyvi om lag 1530. Me køyrde same vegen me kom og like før 19 var me trygt heime i Kristiansand og våren. Alle var samde om at det hadde vore ei stri helg og for eigen del står ikkje eit nytt Landsmøte på ynskjelista mi. Men mykje kan jo endre seg på to år?

Konklusjon:

God førebuing sikrar god gjennomføring. Tidsfrist for innsending av framlegg bør setjast til 3-4 veker før årsmøtet. Det gjer at sakene vert strukturert i god tid før landsmøtet. Fristen var eigentleg 20. februar, men det kom inn nye saker heilt opp til tidsfristane laurdag under landsmøtet. Det burde berre vere rom for retting av openberre feil under landsmøtet. Når det gjeld ordlyd for alle tekstar bør det avgjerast i nemndene. Om nemnda avviser framlegget kan dei som stod bak få høve til å leggja fram  si sak i møte med nemnda under Landsmøtet.

Demokrati krev tid. Handsaminga av arbeidsprogram, framlegg og fråsegner var alt for dårleg. Dei tre dokumenta heng nært i hop og bør ikkje omhandlast uavhengig av kvarandre. Arbeidsprogrammet burde har vore fyrsteprioritet sidan det er grunnlaget som ein skal styre etter i dei neste fire åra. Framlegg kan vere so ymist og fråsegner bør vere handfaste tiltak knytt til arbeidsprogrammet. Deretter må ein skilje mellom prinsipielle saker og ordlyd. Berre dei fyrste drøftast i plenum. Under avrøysting teljast støtte for/mot og dokumenterast. So røystast det om ei og ei fråsegn skal vere med. Nemndene avgjer ordlyden.

For lite tvisyn. Nemndene var ofte samrøystes i sine tilrådingar. Det kan tyde på båe tidspress og feil samansetting. Uansett gjennomføringsmodell har nemndene stor makt, og det er difor viktig at dei femnar breitt for å få med seg fleire syn. Nemndene bør setjast saman regionalt og ikkje utpeikast av styret. Med uavhengige nemnder vert makta delt jamnare mellom dei, styret og Landsmøtet.

Skrivet er inspirert av Aasmund Olavsson Vinje i form og ord.

Ronny Rognhaugen
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS