FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Martin Skjekkeland sitt føredrag «Ei dialektreise frå Søgne til Valle», tysdag 24. april 2018.

 (25.04.2018)

Sylfest Lomheim innleia møtet framfor ein fullsett sal. Mykje ungdom var komen. BUL koret tok til med tre songar: «Lerka» av Per Sivle, «Kråkevisa» folkevise nedskriven av Hulda Garborg og «Mitt hjerte er ditt» svensk vise omsett av Alf Prøysen. Alle tilrettelagd for kor av Andrea Maini.

Så var det språkforskaren Skjekkeland sin tur med ei reise gjennom dialektlandet Noreg frå kyst til innland. Årsaka til at det finst dialektar er mange. Hovudårsaka er at folk som heng saman i liv og arbeid samordnar språket sitt. Ferdsle over fjordar batt i hop, medan fjell og vidde skil folk. Byklestigen fekk ikkje farbar veg før i 1879. Det vart så grunnlag for einingar som kyrkjesokn, skulekrinsar og kommunar. Langfjella og Hardangervidda er viktig for å forstå skilnaden mellom Austnorsk og Vestnorsk. Fjellbygder i Hallingdal og Valdres har nokre spor frå Vestnorsk. Kystfolk kommuniserte mest langs kysten og jamvel med utlandet. Hollendartida 1550-1770 var eit kystfenomen frå Egersund til Risør. Når dialektar møtest vert språket enklare. Ivar Aasen vart oppglødd då han fann spor av gamalnorsk i Setesdalen. Me fekk høyra eit taleopptak av ein valldøl frå 1955, som truleg ikkje var så ulikt det Aasen høyrde over 100 år tidlegare. Sirdal er prega av Rogaland og Åseral av Setesdal pga. eldre grenser enn noverande fylke.

Kvifor er dialekt så akseptert i Noreg? Landet vart sjølvstendig utan eige språk i 1814. I 1878 vart det lokale talemålet norma for uttale i skulen. Danmark og Sverige hadde derimot eit normert riksspråk. Årsaka er truleg at Oslo aldri vart så dominerande som København og Stockholm. Det er mange dialektgrenser og ingen stader i Noreg er det så store skilje som på Agder. Lokale særmerke som t.d. blaude konsonantar kan overdrivast for å markera avstand (Eiken/Hægebostad).  Kvarsteinbrua skil Vennesla frå Kristiansand, og motvilje mot bymålet kan forklarast av handelsmonopolet byborgarane fekk i 1641. Skilje mellom høg/låg avslutting på setningar går i Høvåg; tonelagsgrensa.

Dialektar vert overlevert frå generasjon til generasjon, men noko forsvinn eller endrar seg i læringa. Foreldre og besteforeldre er ikkje lenger så viktige språklege førebilete. Sosiale grupper vert viktigare. Dialektendringar spreiar seg som ringjer i vatnet t.d. skarre R. Det er eit aukande problem med engelske ord som ikkje vert omsette eller omskrive. Hovudtrekka i dialektar lever vidare så lenge dei fungerer som kommunikasjonsmiddel. Truleg var det vanskelegare å forstå kvarandre på Ivar Asen si tid eller på Eidsvold i 1814. Deriomot går tilvenning raskt så lenge ein vil forstå kvarandre.

Ronny Rognhaugen
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS