FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Kransnedlegging ved bysta til Jørgen Løvland

 (17.05.2018)

Tobbi Kvaale frå styret i Mållaget heldt dette året tale og la ned krans ved bysta til Jørgen Løvland.

Sidan ho kjem frå Setesdalen, var det både naturleg og stileg at ho bar Setesdalsbunad og snakka setesdalsdialekt.

Kvart år sidan 2012 har minnet om Jørgen Løvland, bondesonen frå Evje, vorte heidra med tale og kransnedlegging 17. mai.

Bjug Åkre frå Mållaget sytte då for at 17. mai-komiteen i Kristiansand fekk med Løvland på lista over personar som vert heidra denne dagen.

Les talen til Tobbi her:

17.mai –tale 2018 -Kransnedlegging ved Jørgen Løvland si byste i Wergelandsparken

Gratulerer med dagen !

Me står no med minnesmerke for landet sin fyrste utenriksminister ved unionsoppløysinga i 1905 – som det står i 17. mai programmet i år. Me skal i dag minnast og ære Jørgen Løvland.

Jørgen Løvland var født i Evje i Setesdal i 1848 på garden Lauvland og døde 21. august 1922 i Kristiania ( Oslo)

Alt som ung gut fanga han opp ordi « les og vex» frå avisa Dølen. Han las- han lærte og han vaks Me skjøner at han vart ein viktig mann for Noreg når me står her med den 3. bysta Jørgen Løvland fekk i 1957. Byste i Oslo og på Evje statu av han.

I 1866 fekk han lærarjobb i Kristiansand bare 18 år gamald. Og i denne tida fekk han eit høgt sosialt engasjement då han fekk innsyn i mykje fattigdom. Han var ein aktiv person i byen å vart redaktør for avisa Christiansands Stiftsavis . Mellom anna avduka han statuen av Henrik Wergeland her i parken 17. mai 1884.

Han var sentral i etablering av den fyrste lærarinneskulen ( merk namn) i landet her i Kristiansand, etablering av Amtskulane både i Nedenes og på Bygland, Setesdalsbanen og jernbanesambandet mellom Kristiania og Kristiansand - for å nemne noko .

Saman med famlien flytte han til Christiania 1897 der dei budde sidan.

I 1884 vart parlamentalismen innførd i Stortinget og i 1886 vart Løvland innvald på Stortinget for Venstre. Han var stortingsmann i tre perioder, odelstingspresident, arbeidsminster, sentral under unionsoppløysinga i 1905 og Noreg sin seiste statsminister i Stockholm, Noreg sin fyrste utanriksminister 1905-1908 og han var stortingspresident under hundreårsmarkeringa for Grunnlova i 1914.

Løvland hadde store visjonar for politikken sin . Han kjempa mellom anna for jamnstilling mellom by og land og at heile landet skulle takast ibruk.

Løvland var opptatt av målsaka og vart valgt til leiar i Noregs Mållag i 1909. Då han kom inn på stortinget i 1913 brukte han nynorsk i tale og skrifts språk. Som kyrkjer- og undervisningsminister i Gunnar Knutssen si regjering i 1915-20 fekk han gjennom landsmålsklassar ( sidemålsklassar) .

Han var også medlem av Nobelkomiteen i 25 år . Han var faktisk leiar i 21 av desse åra.

Han var ein av Noregs fremste politikar i nærare 35 år. Han jobba for norsk politisk og kulturell sjølvstende.


 

Eg legg no ned ein blom for å heidre Jørgen Løvland . Takk for at de møtte opp !


 

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS