FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Lyrikkgruppa i Mållaget.

 (04.06.2018)

Etter at Maria Viken i 20 år har hatt ansvar for lyrikken i Mållaget, vart det 22. mai 2018 sett punktum for desse samlingane.

Maria fekk i kaffipausen ein velfortent blomebukett for alle desse åra med ansvar for lyrikken.

Det er få att av dei som var med 1998 då lyrikkgruppa starta opp, og det er eit tiltak mange har sett pris på. Interesserte har trufast møtt opp på samlingane ein tysdag i månaden, og nokre har også vorte medlemer i Mållaget.

Til denne siste kvelden stilte Maria med heimelaga blautkake, og dei frammøtte hadde gjerne sett at dette ikkje vart det siste møtet. Dei fekk difor lovnad om å bli inviterte heim til Maria til hausten.

Maria er vestlending, oppvaksen med nynorsk, og ho har alltid likt dikt. Her i Kristiansand har ho har hatt fleire Jakob Sande-kveldar, og ho har også i dei siste åra vore fast ein gong i veka på aldersheimen på Kringsjå for å lese nynorsk, både dikt og prosa.

I Mållaget har ho vorte mykje brukt og aldri sagt nei til å lese på årsmøta. Lange dikt av t.d. Aslaug Låstad Lygre og Jakob Sande framfører ho utanåt på ein svært levande måte.

Ho er glad i Mållaget, og me vil nok framleis få gleda av å høyre henne lese.

 

Solveig Lima
Nyhende frå nm.no:

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS