FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Kyrkjekaffi i Mållagssalen etter nynorsk gudsteneste

 (04.06.2018)

Den nynorske gudstensta som har vore tradisjon sidan 2010, vart dette året lagt til sundag 3. juni. I år var det professor og salmediktar Arve Brunvoll som heldt preika.

Brunvoll var glad for å ha vorte invitert til Kristiansand for å halde preika på nynorsk. Det er eit bra innslag denne eine gongen i året med gudsteneste på nynorsk i eit bokmålsområde som Kristiansand er.

Strålande ver med litt over 30 varmegrader gjorde at mange tykte det var godt å kome inn i ein kjøligare sal etter nokre minutt på varm asfalt. Litt over 50 personar kom inn til ein koseleg pynta Mållagssal for å smake på dei gode heimelaga kakene.

Arve Brunvoll har skrive 51 av salmene i Salmeboka, så han er eit kjent namn for dei som deltek i gudstenester. I 1972 vart han med i liturgikommisjonen. Sidan det var lite nynorske salmar å velje mellom og vanskeleg å få etablerte diktarar til å skrive, sette han i gong sjølv. Frå 1975 til 1979 gjorde han ein stor innsats ved å omsetje salmer, og han dikta også nokre sjølv.

Samarbeidet med domkyrkja ved Aud Sunde Smemo og Mållaget ved Leiv Storesletten har vore svært bra. Tradisjonen med kyrkjekaffi har vist seg å vere eit populært tiltak både for mållagsmedlemer og kyrkjegjengarar.

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS