FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Færøysk kulturkveld 4. september

 (07.09.2018)

Temaet for denne litteratur/lyrikkvelden var Færøyane.

Me starta som vanleg med eit føredrag. Gudlaug Nedrelid, professor i nordisk språvitenskap, gav oss god oversikt over færøyske forfattarar og språk.

Glimt frå typisk færøysk mat fekk me også: Velkomendrikk med rabarbrasaft og seinare spekemat, flatbrød, rømme og til sist desserten "Tilslørte rabarbrapiker".

Kvelden vart avslutta med kort og instruktiv innføring i Færøydans, leia av Borghild Løver.

Denne gongen vart det plassert småbord i øvre del av salen medan Gudlaug Nedrelid heldt føredraget.

Ho fortalde om færøysk språk, noko midt imellom islandsk og norsk, men dansk var opplæringsspråket i skulen heilt til i 1950-åra. William Heinesen, den kjente færøyske forfattaren som vart født i Torshavn i 1900, skreiv difor på dansk.

V.U. Hammershaimb laga midt på 1800-talet ei ny, færøysk rettskriving som kunne brukast i religionsundervisninga. Han la skriftspråket sterkt opp til det norrøne utgangspunktet, og det er arbeidet hans som er grunnlaget for færøysk skriftspråk.

Janus Djurhuus (1881 - 1948) er den fyrste moderne forfattaren på Færøyane og den mest respekterte, medan den to år yngre bror hans, Hanus, er den mest folkekjære.

Færøyane har mange lyrikarar, og på møtet var det svært bra å få utdelt nokre færøyske dikt med norsk omsetjing. Der ser ein kor like fleire av dei færøyske og norske orda er. Gudlaug trekte særleg fram Christian Matras' dikt Vidoy frå samlinga Heimur og heima (1933). Dikta i denne samlinga skildrar det færøyske landskapet og spesielt naturen på Vidoy.

Fleire kom med spørsmål og kommentarar før maten vart sett fram, og Gudlaug gav gode og utfyllande svar.

Frammøtet var ganske bra, bortimot 30 menneske, og praten gjekk livleg rundt borda under matøkta.

Fin avslutning på kvelden med færøydans (to steg til venstre, eitt til høgre - tungt fallande)!

 


 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS