FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

"Konning Tidrik sidder udi Bern"

 (20.09.2018)

Andrea Maini heldt eit svært interessant føredrag i Mållaget 18. september om "Kjempeviser frå Agder og Eldre Edda".

Han tok føre seg balladen om Konning Tidrik. Denne balladen vart nedteikna i Bygland i 1861 av M.B. Landstad etter John Olson Langerak, Ådalen

Kven var eigentleg Konning Tidrik? Og kvar ligg Bern?

Dette fekk me godt svar på gjennom føredraget. Kong Tidrik var ein dyktig goterkonge frå folkevandringstida. Han erobra store delar av landa sør for Tyskland til og med Nord-Italia der han styrde frå 493 til 526.

Bern har ingenting med Sveits å gjere, men er ei avleiing av namnet Verona, der romerane hadde bygd ei enorm festning. Verona ligg nokre mil nord for Ravenna.

Andrea Maini er født i Bologna, ikkje langt frå Ravenna, som var hovudstaden i det austgotiske riket, det landet der Tidrik etterkvart fekk makta.

Maini har hovudfag i tysk språk og lingvistikk frå Universitetet i Bologna og skreiv hovusfagsavhandlinga si om tekstrelasjonar mellom den norrøne Didrikssaga av Bern, Hamdesmål/Eldre Edda og den nordtyske folketonen Didrik van dem Berne. Det var difor både underleg og inspirerande for han å sjå at dikt i Den Eldre Edda batt heimstaden hans i Italia saman med Agderfylka. Visene har vandra nordover gjennom Tyskland og Danmark frå Nord-Italia til Agder.

Kampen mellom Odovaker, fyrste kongen i Italia, og Tidrik har fest seg i folkeminnet. Odovaker vart drepen med list på forsoningsfesten i Ravenna i 493. Verona er ei svær festning, og det vart sungen om Didrik, men detaljar om dei verkelege hendingane endra seg etterkvart. Frå denne tida stammar også Sølvbibelen, omsett frå gresk til gotisk. Kanskje Teodorik den Store, det historiske namnet for Tidrik, var den som fekk Bibelen til Ravenna!

Andrea Maini sit inne med stor kunnskap om emnet, og han framførte føredraget på ein levande og fin måte. Tilhøyrarane var ikkje mange, berre 15-20, men aktive med spørsmål og kommentarar. 

 

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS