FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Studentmållaget med stand i vrimlehallen på UiA

 (20.09.2018)

Styret i Studentmållaget i Agder stilte torsdag 20. september med stand på UiA.

Dei hadde laga ein flott plakat: Universitetet BRYT MÅLLOVA. Mange var innom, og elleve ville verte medlemer.

Dei kunne tilby både kaker og litt å drikke, og med tre-fire imøtekomande ungdomar bak bordet, var det ein triveleg stand.

Dei hadde fått beskjed om å halde seg bak borda, altså ikkje vere aktive ute i hallen. Men Borghild frå Mållaget i Kristiansand gjekk rundt med spørsmålsarket deira og var ikkje redd for å ta kontakt.

Borghild og Vibeke tok ein tur opp i 5. etasje til eksamenskontoret for å få talet på kor mange studentar som hadde kryssa av for eksamen på nynorsk. Svaret kom berre etter eit par timar: 240. Sidan det er over 11 000 studentar, er det ein liten prosentdel.

Sylfest, også frå Mållaget i Kristiansand, tok seg ein tur på personalkantina og snakka med folk og reklamerte for standen i vrimlehallen.

SMiA hadde ei viktig markering her. Svært positivt med eit så aktivt og friskt styre, og me ynskjer dei lukke til med arbeidet i Studentmållaget!

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS