FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Nynorsk i Roligheden gård barnehage 10.10.18

 (10.10.2018)

Det er alltid gildt å kome til Roligheden gård barnehage. Svært positvt personale som set pris på at nokon kjem og vil lese nynorsk.

Det er små grupper i alderen 3 - 5 år me les for. Konsentrasjonen varierer, og det er nok dei største som får mest med seg.

Som i mars i fjor, var me tre frå Mållaget som kom for å lese: Gyro Nesland, Sylfest Lomheim og underteikna.

Denne gongen fekk dei ei heilt nyinnkjøpt biletbok som lærarane kan bruke i høgtlesinga si. Boka er ei teljebok, Hokus-Pokus 1-2-3, skrive og illustrert av den nordnorske forfattaren Sissel Horndal

Avtalen er å kome att i mars 2019, og det ser me fram til.


 

Solveig Lima
Nyhende frå nm.no:

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS