FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Ferda-Vinje konsert 9. oktober 2018

 (11.10.2018)

Magne Skjævesland gjesta Mållaget i Kristiansand 9. oktober. Han har tonesett nokre av tekstane i "Ferdaminni frå sumaren 1860". Songane var knytt i hop med sjølve reisa og litt om livssoga til Aasmund Olavsson Vinje. 

 

 

22 var møtt fram for å høyra på Magne Skjævesland. Båe foreldra hans hadde vore aktive i Mållaget i Kristiansand på 1970- og 1980-talet. No reiste han mykje omkring med ulike framsyningar med Vinje som tema. På 7 år hadde han hatt 425 slike samlingar.

 

 

 

 

 

På Vinje si tid var dette ei lang reise som starta med toget frå Kristiania 6. juni for å vera i Trondheim til kroninga av Karl 5 nøyaktig to månadar seinare. Han kommenterte likt og ulikt av folk og tankane fòr vidt omkring. Det var store menn, krigsminnesmerke, gilde hus, Østerdalen, fagre fjell, varkre sæterjenter, gamlemor, fest, vondskap og storveis riksglans. Dei som gjorde mest inntrykk på Vinje var Malene på 75 år som han lenge gjekk i lag med på turen. Og så var det drosi, denne utilnærmelege byfrøkna som han ofte møter mot slutten av turen. Seint i septermber var han attende i hovudstaden og kan ta opp arbeidet med Dølen.

Magne krydra framsyninga med innfall som dans og jamvel hallingkast. Han stod òg for litt allsong i samband med matøkta. Folk vart sitjande lenge og det tyda på at det vart mykje å snakka om etterpå. 

Ronny Rognhaugen
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS