FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Aasmund Olavsson Vinje - korleis hadde han det eigentleg?

 (08.11.2018)

Tysdag 6. november heldt Ronny Rognhaugen, nestleiar i styret i Mållaget i Kristiansand, eit svært interessant og godt gjennomarbeidd føredrag om Aasmund Olavsson Vinje. (1818 - 1870).

Han opna med "Godt folk" slik Vinje på slutten av 1860-talet byrja sine føredrag. Dette var ei fin start, og me lærte mykje om Vinje, både om oppveksten og korleis vaksenlivet vart.

Ronny stor vekt på familien og tilhøva Vinje vaks opp under. Båe foreldra var fødde i Vinje, og Aasmund vaks opp på ein husmannsplass og måtte frå han var liten ta del i arbeidet på plassen. Faren betalte ein årleg sum for husværet, men hadde ikkje pliktarbeid på garden.

I heimen var det mange bøker som faren fekk låne av presten, og Aasmund begynte tidleg å interessere seg for å lesing.

Mora døydde då han berre var 10 år gammal, noko som merkte den kjenslevare guten heile livet. Faren gifte seg igjen, og halvbroren Olav, som tidleg fekk fast jobb, vart ei viktig støtte for han.

Fordi han utmerkte seg på skulen, meinte presten i Vinje han burde begynne på hjelpeseminaret i Kviteseid og verte omgangsskulelærar. Han treivst som lærar, og presten rådde han til å søkje på seminaret i Asker med halvveges lovnad om fast stilling som lærar og klokkar. Dette vart det ikkje noko av, og han søkte då lærarstilling i Mandal.

For å kome dit gjekk han på ski frå Vinje, ned Setesdalen til Kristiansand og vidare vestover mot Mandal. I Holum trefte han Søren Jaabæk og vart god ven med han. Jaabæk sytte for lån, så Vinje kunne ta artium på Heltbergs studentfabrikk. Men han fekk ikkje eksamenspapir etter det fyrste året, fordi han vart teken i fusk. Likevel vart det andre året eit interessant og givande år avdi han no kom i klasse med Ibsen og Bjørnsen.

Det vart jus-studium på han etter artium, og han arbeidde eit par år som sakførar. Medan han studerte, fekk han fast jobb i Drammens Tidende (1851-59) og tente rimeleg bra. I 1858 starta han Dølen, bladet der han ville bruke det norske språket, men det gav lita inntekt.

Sommaren 1860 tok han pause frå å skrive i Dølen, for han ville til Trondheim og vere med på kroninga av kongen. Han brukte to månader på ferda nordover og mellom ein og to på ferda heim. Det meste av tida gjekk han til fots, og han skildrar naturen og folk han møtte på ein levande og beintfram måte. Det er mest som ei dagbok med litt fakta og litt fantasi og meiningar som kjem tydeleg fram. Han er oppteken av korleis livet på gardane er og beundrar dei som er framsynte og har bøker i huset. Dessutan er han oppteken av dei fine jentene på stølane.

Inntrykka frå ferda gav han ut i bokform året etter: Ferdaminni. Dette diktverket er høgdepunktet i forfattarskapen hans. Fleire av dei mest kjende songane hans finn ein i Ferdaminni.

Vinje var svært ærleg i alt han skreiv. Etter ein artikkel i Dølen i 1868, der han kritiserte Stang, statsministren, måtte han gå på dagen frå stillinga i justisdepartementet.

Vinje trefte Rosa Constance Sophie Kjeldseth på eit lærarlagsstemne i 1868, og dei gifte seg året etter. Men livet enda tragisk for dei båe. Rosa fødde barnet deira, Olaf, våren 1870, men vart sjuk og døydde nokre dagar etter fødselen. Nokre månader etter døydde Vinje sjølv av ein kreftsvulst i magen. Han døydde i huset dei hadde fått låne på Gran i Hadeland. Det er her han er gravlagd.

Til slutt kom Ronny inn på samtida til Vinje og synte kor han stod når det gjaldt ulike spørsmål som var oppe i tida, t.d. om folkestyre, språk eller rasisme. Vinje hadde lita tru på demokrati og meinte røysteretten måtte vere for dei opplyste. Politiske parti var han heller ikkje for. Han var individualist og ville ikkje gå i flokk. Han meinte ikkje at det skulle vere fritt fram for jødar å kome til Noreg, men han han hadde fleire jødiske vener.

Han var nær ven med Ivar Aasen sjølv om dei var ulike. Aasen var smålåten og hadde ikkje høgare utdanning, medan Vinje var svært sjølvmedviten og hadde verkeleg gjort ei "klassereise" frå husmannsgut til juridisk embetseksamen!

Kven har spreidd arven frå Vinje vidare? Eit godt spørsmål frå Ronny, noko som får ein til å tenkje over kva Vinje har hatt å seie for forfattarar og journalistar fram til vår tid.

Me berre var berre sju frammøtte, og alle einige om at det var eit svært lærerikt føredrag. Litt å bite i var der sjølvsagt, og det meste av dei nydelege vaflane og heimelaga syltetøyet til Tobbi gjekk med.

 

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS