FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Program hausten 2019

 (03.07.2019)

Også denne hausten held me fram med litteratur/lyrikk den fyrste tysdagen i månaden. I vår var det ikkje spesielle tema, berre: «Ta med eit dikt og kom». Slik vert det i haust også, men det treng ikkje berre vere lyrikk. Det kan gjerne vere fagbøker, romanar eller novellesamlingar som har gjort inntrykk. Ei kort novelle kan t.d. lesast høgt.

Lagsmøta og lyrikk/litteratur-kveldane tek til kl. 19:00 og er sjølvsagt opne for alle. Alle er også velkomne til jolemøtet, men der er det påmelding.

Tysdag 27. august Styremøte

Tysdag 3. september Litteratur/lyrikk

Tysdag 17. september Lagsmøte. Føredrag ved Ronny Rognhaugen: «Einstein og lidenskapane - eit utruleg liv i ei uroleg tid». Astrid Hulda Johannessen spelar Mozart

Tysdag 24. september Styremøte

Tysdag 1. oktober Litteratur/lyrikk

Tysdag 15. oktober Lagsmøte: Michael Schulte held føredrag og syner bilete: «Runer i Agder gjennom tid - frå Hogganvik til Havstad». Allsong

Oktober 29. oktober Styremøte

Tysdag 5. november Litteratur/lyrikk

Tysdag 19. november Lagsmøte: Tore Kvæven om bøkene sine, om skrivinga og om det norrøne Grønland. Allsong

Tysdag 26. november Styremøte

Tysdag 10. desember Jolemøte

 

Kort presentasjon av føredragshaldarane:

17.09.: Ronny Rognhaugen: «Einstein og lidenskapane - eit utruleg liv i ei uroleg tid.» 

Ronny Rognhaugen er fødd i 1963 og oppvaksen på Ås i Akershus. Han har mastergradar innan økonomi og informatikk frå BI og UiO og har vore tilsett i Forsvaret, Norsk Hydro og på Nikkelverket. Han kom inn i styret i Mållaget på årsmøtet i 2018, og har sidan vore nestleiar. Han er ein som likar å lese og skrive og dyktig til å tale. På haustfesten på Ose heldt han føredrag om Vinje, og det same gjorde han i Mållaget i Kristiansand på eit møte i haust. Han held talen for Jørgen Løvland 17. mai 2019. Aktivt friluftsmenneske og ikkje minst regattasiglar.

15.10.: Michael Schulte: «Runer i Agder gjennom tid - frå Hogganvik til Havstad»

Michael Schulte er professor i nordisk språkvitskap og runologi ved UiA, Universitetet i Agder, Institutt for nordisk og mediefag. Han er fødd i Aachen i Tyskland i 1963. Schulte er ein framifrå forskar og fekk i 2014 den høgthengande utmerkinga "Nansens belønning" av Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo for forsking innan germansk og eldre nordisk språkhistorie. Han har publisert meir enn 100 artiklar i internasjonale vitskaplege tidsskrift i runologi, germansk språkhistorie, historisk sosiolingvistikk og skriftsystem. Han er medlem i Agder Vitenskapsakademi, Kungl. Gustav Adolfs Akademien i Uppsala og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim.

19.11.: Tore Kvæven: Tore Kvæven om bøkene sine, om skrivinga og om det norrøne Grønland

Tore Kvæven født i 1969 i Sirdal. Han er utdanna ved landbrukshøskulen i Ås (NMBU), og har budd på Jørpeland, Trondheim og Reykjavik. Han arbeider no som lærar ved Tonstad skule og er dessutan sauebonde. Han debuterte i 2011 med spenningsromanen "Hard er mitt lands lov". Boka handlar om eit vikingtokt til «Store Serkland» (Afrika). I 2013 gav han ut barneboka "Kameljegeren", ei spennande bok om Lisa og Øystein som er med bestefar på motorsykkel i Sahara på jakt etter soltørka kamelar. "Når landet mørknar" kom i 2018, og denne handlar om den norrøne busettinga på Grønland på slutten av 1200-talet. Levande, medrivande skildringar både av både dyr og menneske, og for denne boka har han fått både Brageprisen og Sørlandets litteraturpris.

Ronny Rognhaugen
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS