FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Nynorsk, ja takk!

 (17.08.2019)

Dei folkevalde i kommunane har stor makt over vilkåra for nynorskbrukarane. Difor bør språklege rettar bli eit heitt tema i valkampen i haust.

Framtida for nynorsken avheng av korleis vi brukar nynorsken i dag. Difor er det viktig at kommunevalkampen også handlar om nynorsk. I saksfelt etter saksfelt kan lokalpolitikarane gjennom kommunestyret påverke språkpolitikken vår:

Barnehagen

Barnehagen er avgjerande for at barna tidleg får gode haldningar til nynorsk og dialekt, og er budde på at dei i skulen skal få opplæring i nynorsk. Gjennom kommunale vedtak kan kommunen sikre at elevane får eit positivt møte med nynorsken. Barnehagane bør ha tilgang på den flotte nynorske litteraturen, songar, rim og regler.

Skulen

Som skuleeigar har kommunen hovudansvaret for språklæringa i skulen, og utfordringane for elevar med nynorsk som hovudmål er diverre større enn for bokmål. Difor er det særleg viktig at kommunar med nynorskskular legg godt til rette for at elevane både skal lære seg nynorsk skikkeleg, og for å styrkje den språklege sjølvkjensla deira. Kommunen må til dømes syte for at nynorskelevane får digitale læremiddel på nynorsk. I tillegg skal skulen aktivt ta i bruk nynorskstimulerande tiltak i undervisninga, som bruk av nynorske nettsider, nynorsklitteratur og liknande. I kommunar der begge målformene er representerte blant elevane i ungdomsskulen, må nynorskelevane samlast i eigne klassar.

Vaksne tilflyttarar

Det er viktig for integreringa at vaksne innvandrarar som bur i nynorskkommunar, lærer nynorsk. Vi meiner at alle vaksne innvandrarar i kommunen skal få norskopplæring på nynorsk, og at dei pedagogisk tilsette skal få kursing i korleis dei kan lære bort nynorsk og lokal dialekt til innvandrarar. Mange tilflyttarar kjenner seg heller ikkje trygge i å skrive nynorsk, og då er det viktig at kommunen har ein god strategi for kurs og opplæring til dei som treng det, til dømes for dei som skal arbeide i kommunen.

 

Alt dette kan gjennomførast ved at kommunestyret vedtek ein eigen språkbruksplan. Vi treng kommunar som stiller krav til seg sjølv, og som viser vilje til nynorsk overfor privat næringsliv og statlege aktørar.

Godt val!

NM
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS