FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Mållagsmøte 15. oktober med Michael Schulte: Runer i Agder gjennom tid - frå Hogganvik til Havstad

 (16.10.2019)

Professor Michael Schulte ved UiA heldt eit interessant føredrag om runesteinar på Agder. Han jobbar med eit bokprosjektet som inneheld noko av det han synte fram for 19 frammøtte.

Hogganviksteinen som vart oppdaga i 2009 er av dei eldste (300-talet); Belland i Mandal. Teksten går frå venstre mot høgre. Skriftretning kunne variera fram til slutten av vikingtida (1000-talet) uavhengig av språk. Mest vanleg i gamle tekstar er at retninga vekslar som plogfurene; "slik oksen pløyer". Runer nyttast av fleire aust-germanske folk. Latinskrift får etterkvart innverknad på båe retning og teikn.

Dei eldste runene (før år 500-550) kan delast i tre grupper:

  1. Minnesteinar som på Hogganvik. Framvaren ein annan.
  2. Sjølvidentifikasjon (eg var her) "ek irilaR" som på Rakkestad i Østfold
  3. Brakteater (mynter) som gullmedaljongen frå Reistad i Audnedal. Futhark som innleiing, men gullsmeden var kanskje ikkje så skrivekunnig? Vanskeleg å tolka teksten. Bilete av Odin og ein hest. 

Nyare inskripsjonar hadde meir praktiske føremål; jordskifte, grensesteinar, båtsteinar (eigarskap/fortøying), våpen, spinnehjul m.m. Kristne tekster særleg frå 1200-talet.

  • Skutesteinen, Storheddern; 18 runeinnskrifter under overhenget
  • Rikeskjoldet frå Valle (1200)
  • Hoftuft spinnehjul, snåld
  • Årdal kyrkje, Bygland
  • Oddernessteinen har to inskripsjonar; flatsida (900) og høgkant (1030). Den eldste er ei minneinnskrift "om Tore, son av Nerid". Den yngste nemnar Olav den heilage og kan knytast til den fyrste kyrkja på staden. X som skiljeteikn.
  • Skallevollsteinen, Lista (1000)
  • Galtelandssteinen, Evje; minne om ein fallen son for Knut den mektige i krigen i England
  • Fossviksteinen er ein båtstein på 40 kilo (1250)

Mange inskripsjonar er vanskelege å tolka. Truleg eit formelspråk som gav meining (for nokon) i samtida, men kor kodane etterkvart gjekk tapt; lønnruner. Skrift var teikn på båe makt og magi. Odin er skrivemektig; sjaman. Runer er meir kantete på tre og bein enn i stein pga. materialet. Det meste er gått tapt og runene forsvinn gradvis i stein òg.

Møtet vart innleia med allsong og det vart litt song under matøkta til slutt. Praten gjekk om runer og mangt anna.

http://files.zetta.no/www-nm-no/_filer/michael_schulte.pdf

https://nn.wikipedia.org/wiki/Michael_Schulte

 

Ronny Rognhaugen
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS