NRK har lagt fram årsrapporten for 2011. Dei kan no visa framgang for nynorskbruken. Det er særleg barnekanalen NRK Super som har tydeleg framgang, frå 9,2 til 18 prosent.
- Dette er svært gledelege tal. Det viser at det nyttar å stilla krav og at det er mogleg å få til 25 prosent når ein vil, seier Berit Rekve, leiar for Mediemållaget.
Kristian Fjellanger representerer Noregs Ungdomslag og har vore ein del av styret sidan 2011. Les meir
|
Kringkastingsringen har ledig stilling (50 %) som dagleg leiar. Les meir om stillinga her. Kringkastingsringen er ein av organisasjonane Mediemållaget samarbeider med.
|
| |
Årsmøtet i Mediemållaget valde Berit Rekve for eit nytt år under årsmøtet 3. mars. - Det er gildt å få denne tilliten frå medlemene. Vi har god framgang i medlemstala og ser fram til aktiviteten i året som kjem, seier Rekve, som har leidd sidan januar 2007. Les meir
|
Laurdag 3. mars kl. 13.00 2012 held Mediemållaget årsmøte i Litteraturhuset (Kverneland) i Oslo.Sakshefte.1. Godkjenning av innkalling og sakliste 2. Konstituering 3. Årsmelding for 2011-12 4. Rekneskap for 2011 5. Arbeidsprogram 2012-2013 6. Budsjett for 2012 7. Årspengar for 20138. Innkomne saker 9. Vedtekter 10. Val Les meir
|
| |
Framtida.no, 31. januar 2012: Debattredaktøren i VG vil ha meir nynorsk. Elisabeth Skarsbø Moen er blant mange som i lys av debatten om sidemålskarakteren i skolen den siste tida har vorte meir klar over kva nynorsken betyr for henne. No oppmodar frænaværingen redaktørkollegaer i Oslo-pressa til å skrive meir nynorsk. Les meir
|
Nedgangen i opplaget for dei store avisene held fram. Også lokalavisene går noko attende, men står framleis sterkt.
Blant opplagsvinnarane er Dag og Tid.
Les meir
|
| |
Ålvundfjord og Ålvundeid Mållag har delt ut målblomar til avisa Driva. Det er andre gongen dei deler ut ei slik utmerking. Les meir
|
Fristen for å koma med framlegg er 1. mars. Juryen er særleg ute etter kandidatar frå lokalavisene.
Utdelinga skjer fredag 29.juni, under Dei nynorske festspela i Ørsta. Les meir
|
| |
Sogn Avis, 31. januar 2012: Bonde Knut P. Bøyum reagerer på at Tine sel nynorsk mjølk på bokmål.
Frå nyåret har Tine levert mjølk frå gardar i den regionen der forbrukarane bur. Men berre éin av tjue gardar er presentert på nynorsk på mjølkekartongane, og alle dei fire gardane frå region Vest ligg i nynorskkommunar. Les meir
|
Ægir Bryggeri i Flåm er vinnar av Nynorsk næringslivspris for 2011. - Vinnaren er ei sterk merkevare i ein ny og veksande marknad, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag og leiar i juryen. Les meir
|
| |
På ein pressekonferanse i 22. november 2011 fekk Morten Sandøy Kringkastingsprisen for arbeidet som ankermann og programleiar i TV 2. Les meir
|
Erling Lægreid døydde brått i november, 72 år gamal. Erling var ein trufast medlem og ein viktig støttespelar for Dei nynorske mediedagane. Les meir
|
| |
Bente Riise, redaktør for tidsskriftet Syn og Segn, er tildelt Nynorsk redaktørpris for 2011. - Riise gjer eit framifrå arbeid for tidsskriftet og for nynorsk mediespråk. Det betyr mykje at tradisjonsrike publikasjonar som Syn og Segn når stadig vidare ut og rekrutterer nye skribentar, seier leiar for Mediemållaget, Berit Rekve. Les grunngjevinga og meir om prisvinnaren: Les meir
|
Oslo Målbar: «Nynorsk i lærarutdanninga» ved Synnøve Skjong og Inger Vederhus, ein kveld til ære for Guri Vesaas. På landsmøtet i 2010 blei Guri Vesaas utnemnd til heidersmedlem i Noregs Mållag. Denne kvelden er ei gåve til henne frå Noregs Mållag, og det er ho som har vald tema. Tid: torsdag 3. november kl. 19:00 Stad: Kafé Asylet, Grønland 28, Oslo Les meir
|
| |
- Det er skuffande at NRK ikkje greier å oppfylla krava om nynorsk, seier leiar for Mediemållaget, Berit Rekve. Allmennkringkastingsrapporten for 2010, som Medietilsynet la fram 6. juni, syner at NRK nok ein gong ikkje greier å nå måla som er sette. Nokre stader er det jamvel nedgang. - Det har vore lova satsing og utviklingstiltak. No må NRK ta seg på tak og iverksetja gode tiltak. NRK har gode føresetnader for å greia dette, både gjennom medarbeidarane dei alt har, og ved å nytta Nynorsk mediesenter som kompetanseorganisasjon innanfor eiga verksemd. Ei av utfordringane ligg i få meir og betre nynorsk tekst på NRK.no, seier Rekve. - Dei andre kringkastingsselskapa har òg noko å strekkja seg etter, avsluttar leiaren for Mediemållaget. Les meir
|
Deltek du i Norsk Tippings spel? No kan du stø Mediemållaget ved å velja laget til Grasrotandelen. Les meir om korleis du gjer det på grasrotandelen.no. 5 % av innsatsen går til grasrotorganisering. Organisasjonsnummeret vårt er 994 726 196. - All støtte har stor tyding for arbeidet vårt, seier Berit Rekve, leiar for Mediemållaget.
|
| |
Sunnmørsposten 12. januar 2011: Ansvarleg redaktør i VG, Bernt Olufsen, kan ikkje hugse sist det sto ein nyhendeartikkel på nynorsk i VG. I dag skjedde det. Les meir
|
Mediemållaget har tildelt sjefredaktør i Elle og Elle Interiør Nynorsk redaktørpris for 2010. - Sjefredaktør Signy Fardal bidreg til å gjera nynorsk til eit mediespråk også på mote- og interiørområdet., sa leiar for Mediemållaget, Berit Rekve under utdelinga i Litteraturhuset fredag kveld. – Ein slik pris forpliktar, sa prisvinnaren då ho blei heidra med Nynorsk redaktørpris og lova at det framover kjem til å bli meir nynorsk i spaltene i Elle. Les meir
|
| |
Kronikk i Aftenposten 11. mai 2010: 12. mai er det 125 år sidan Stortinget gjorde jamstellingsvedtaket som sidestilte landsmålet med «det almindelige Skrift- og Bogsprog».Det er grunn til å feira åremålsdagen for jamstellingsvedtaket med å byda folk til å leita opp meir av mangfaldet. For vi har det alle på tunga, og vi ser det på trykk kvar dag landet ikring. Ei oppdagarferd i det språklege mangfaldet i Noreg tek aldri slutt. Eit 125 år gammalt vedtak i Stortinget kan ta delar av æra for det. Les heile kronikken her.
|
- Det er viktig at normert tale vert brukt i nyhendesendingar som Dagsrevyen og Dagsnytt, seier leiar for Mediemållaget, Berit Rekve. Temaet er aktualisert etter at Ingerid Stenvold fekk dispensasjon som anker i Dagsrevyen. Les meir
|
| |
Mediemållaget er laget for deg som arbeider innanfor media, kommunikasjon, reklame, film og forlag, og som er glad i nynorsk. “Eg er med fordi Mediemållaget arbeider for mine interesser som profesjonelt skrivande og snakkande nynorsbrukar.”Audhild Gregoriusdotter Rotevatn “Eg er med fordi Mediemållaget kjempar for at nynorsken skal få større innpass i media.”Kjetil Haanes Les meir
|
|
| |