FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Årsmøte 2017 Årsmøte 2013 Årsmøte 2012 Styret Årsmøte 2011 Årsmøte 2010 Årsmøtet i 2009 Årsmøtet i 2008 Årsmøtet i 2007 Lenkjer

Årsmøte 2010 - sak 3 Årsmelding 2009-2010

Organisasjonen
Styret og styrearbeidet
Styret for 2009-2010:
Berit Rekve, Folkeuniversitetet (leiar)
John Inge Vikan, Adresseavisen (nestleiar)
Gunn Kristin Aasen Leikvoll, student Umb
Guri Kulås, Klassekampen
Pål Plassen, NRK
Kjetil Haanes, Sunnmørsposten
Grunde Grimstad, Finansavisen (1. vara)
Ingvild Bryn, NRK (2. vara)

Styret har hatt tre fysiske møte, fire telefonmøte og elles kommunikasjon på telefon, sms og e-post.

Medlemmer
Per 1.1.2010 var det registrert 118 medlemmer i Mediemållaget, 13 av desse var nye i 2009. Det er ein god framgang. Førebelse tal viser at 100 betalte kontingent for 2009. Dette er det beste resultatet til no.

Noregs Mållags medlemsregister fungerer slik at medlemmer som ikkje har betalt kontingent tre år eller meir på rad, vert strokne. I dei fleste tilfella ser det ut til at dette er ei form for passiv utmelding. Ved årsskiftet galdt dette seks personar. Mediemållaget har ikkje motteke informasjon om aktive utmeldingar i året som har gått.

Mediemållaget har medlemmer over store deler landet, men ingen i Østfold, Nord-Trøndelag, Nordland og Finnmark. Halvparten av medlemmene bur i Oslo. Medlemmene er i alderen 23-80 år og gjennomsnittsalderen vil i løpet av 2010 vera om lag 49 år.

Samarbeid med andre
Noregs Mållag
Utover det vanlege samspelet med sentrallekken i Noregs Mållag har vi de siste åra hatt eit utviklingssamarbeid i lag med dei andre yrkesmållaga. Dette skjer i hovudsak i eit leiarforum.

Kringkastingsringen
Kringkastingsringen og Mediemållaget har fleire saker til felles. Mellom anna samarbeider vi om møta med leiinga i NRK. Kringkastingsringen inviterer leiaren for Mediemållaget til å delta på styremøta deira. Leiaren har dessutan fast spalte i bladet Kringom, medan dagleg leiar i Kringkastingsringen har spalte i Noregs Mållags medlemsavis Norsk Tidend.

Mållaget i Kristiansand
Mållaget i Kristiansand inviterte i januar 2008 styret i Mediemållaget til samarbeid om utvikling av eit stipend til journaliststudentar som vil skriva nynorsk. Vi har kome med strategiinnspel, statuttvurderingar, tatt initiativ til samarbeidet med Nynorsk Pressekontor/NTB og drive PR-arbeid for stipendet. I juryen for stipendet deltek nestleiar John Inge Vikan.

Andre
I samband med Dei nynorske mediedagane hadde vi samarbeid med mange ulike aktørar og bidragsytarar (sjå eiga omtale). Vi har uformell kontakt med fleire medie-
organisasjonar og –verksemder, mellom anna Norsk Journalistlag (NJ), Norsk Pressehistorisk Forening, Norsk Redaktørforening og Riksfondet for nynorsk presse. Dessutan har vi samarbeid med tilsette ved journalistutdanninga ved Høgskolen i Oslo (HiO), NJs studentlag ved HiO og med Asgeir Olden ved Institutt for journalistikk i samband med kurset.

Deltaking i ulike tilskipingar/reiser
• Ingvild Bryn har vitja Mållaget i Kristiansand på ope møte.
• Berit Rekve har vore jurymedlem for Nynorsk næringslivspris for 2009. Ho er òg ein av Noregs Mållags representantar i Målpolitisk Råd ved Det Norske Teatret. Berit Rekve deltok som gjest under landsmøtet til Landslaget for lokalaviser i Haugesund, 24.-26. april 2009. og heldt helsingstale til Erling Lærgreid under mottaking på Marienlyst i samband med 70-årsdagen hans.

Tilskipingar og andre aktivitetar
Årsmøtet
Møtet vart halde i Litteraturhuset 7. februar.

Dei nynorske mediedagane
(Rapport til Fritt Ord)
Føremål
Dei nynorske mediedagane skal løfta fram nynorsk som mediespråk. Det er òg eit mål å utvikla samarbeidet med dei allmenne medieorganisasjonane og skapa forståing for nynorsk hjå desse.

Mediedagane skapar ein arena for å synleggjera verksemder som arbeider med og for nynorsk i media. I tillegg inviterer vi andre medieorganisasjonar for å byggja gode relasjonar og løfta medvitet om nynorsk som mediespråk og jamstelt riksspråk.

Tilskipar og ansvar
Dei nynorske mediedagane er skipa av Mediemållaget, som er eit yrkesmållag i Noregs Mållag. Laget organiserer medlemmer frå journalisitikk, kommunikasjons-, reklame- og forlagsverksemd. Styret for Mediemållaget ved leiar Berit Rekve står ansvarlege for planlegging og gjennomføring av tilskipinga.

Administrasjon
All administrasjon av Dei nynorske mediedagane er gjort som frivillig innsats. Dette bidreg til å sikra økonomien for dette tiltaket og laget, og pløya ressursar attende til vidare verksemd.
For å vera sikre på at vi ikkje skulle driva mot underskott, er dei økonomiske ressursane forvalta svært forsiktig og det ligg meir frivillig aktivitet i organisering og leiing enn ein slik rekneskap kan gje uttrykk for.

Sidan rapport må leverast så vidt tidleg, er dette ein førebels, avrunda rekneskap (sjå vedlegg med rekneskaptal - avrunda. Det er mogleg vi får refundert nokre mindre beløp frå deltakarar og samarbeidspartnarar, men desse er ikkje sikre og vi har ikkje alle detaljar i rekneskapen på plass per utgangen av november 2009. Men beløpa som er oppførde her, gir eit realistisk uttrykk for ressursbruken.

Samarbeidspartnarar
Mediemållaget inviterte organisasjonar og verksemder som arbeider med nynorsk i media, og
medieorganisasjonar. Desse deltok på ulikt vis:
Norsk Pressehistorisk Forening, Institutt for journalistikk, Kringkastingsringen, Nynorsk mediesenter, Nynorsk Pressekontor.

Litteraturhuset som hovudarena
Mediemållaget nytta Litteraturhuset første gong under 30-årsjubileet hausten 2007. Røynslene med samarbeid med administrasjonen i Litteraturhuset var så gode at det gav meirsmak å ta med seg gode idear inn i dit. Vi seier det gjerne slik: ”Godt hus gir gode idear og arbeidslyst.” Det er ein vesentleg faktor når ein skal inspirera til deltaking og innsats.

Om programmet for Dei nynorske mediedagane

Torsdag 1. oktober
Nynorskkurs
Mediedagane opna med nynorskkurs for journalistar og kommunikatørar. Kurset er eit samarbeid med Institutt for journalistikk.

Pressehistorisk seminar ved Norsk Pressehistorisk Forening
Årets pressehistoriske seminar hadde temaet ”Bladet Fedraheime: Anarkisme på nynorsk”

Nynorsk bar
Om kvelden var det Nynorsk bar, ei uformell samkome for medie- og nynorskinteresserte. Tilskipinga vart halden i Litteraturhuset.

Fredag 2. oktober
Syn og Segns essaykurs
Kurset for journalistar, forfattarar, skribentar, akademikarar og andre som vil utvikle det skrivande uttrykket sitt.

Fagseminar om nynorsk mediespråk og Vinjefondet
representasjon frå Aasentunet, som skal forvalta fondet, nynorskrørsla og fleire medieorganisasjonar. I panelordskiftet deltok gen.sekr. Nils Øy frå Norsk Redaktørforening, gen.sekr. Rune Hetland frå Landslaget for lokalaviser og Asgeir Olden frå Institutt for journalistikk.

Nynorsk Pressekontors 40-årsjubileum
Nynorsk Pressekontor heldt seminar om nynorsk mediespråk, nett vs. papir,

Den nynorske mediefesten – festkveld i Wergeland
Mediemållaget hadde ansvar for programmeringa av denne tilskipinga. På programmet:
• Nynorsk i den kommersielle verda med Arne Hjeltnes
• ”Boktrykker Aslaksens yngel?”. Kåseri ved Erling Lægreid.
• Utdeling av Nynorsk redaktørpris for 2009. Prisen gjekk til redaktør Christian Fredrik Stabell i Os og Fusaposten.
• Konserten ”Språkleg songfald” medGabriel Fliflet, Sigrid Moldestad og Olav Tveitane.

Laurdag 3. oktober
Kringkastingsringens seminar: "TV2 - framleis dialektkanal?"
Innleiing ved Jon Peder Vestad (Høgskoulen i Volda)
Kommentarar ved Martin Toft og Einar Aadland.

Lesestund for dei yngste
Barnebokklubben Blåmann skipa til lesestund i barnerommet i Litteraturhuset i samarbeid med dei som til vanleg lagar slik. Fullt hus og eit godt høve til å formidla nynorske barnelitteratur.

Vurdering av Dei nynorske mediedagane 2009
Mediemållaget er eit frivillig lag som i utgangspunktet ikkje rår over store ressursar. Når vi likevel sette i gang dette tiltaket, var det fordi vi meinte det var viktig å skapa ein ny arena for å fremja nynorsk ordskifte og synleggjering av nynorsk som mediespråk.

Som i fjor viser dei gode attendemeldingane at dette eit godt tiltak. Vi har fått synleggjort både emnet nynorsk mediespråk, aktørar som bidreg på området, og skapt nye alliansar for vidare samarbeid og utvikling.

Styret for Mediemållaget har vedteke å halda fram satsinga og vi skipar til Dei nynorske mediedagane også i 2010. Også då er det planar om at Litteraturhuset skal vera hovudarena.

Styret for Mediemållaget har vedteke å halda fram satsinga og vi skipar til Dei nynorske mediedagane også i 2010. Også då er det planar om at Litteraturhuset skal hovud-arena.

Arbeid overfor journaliststudentar
Vi skipa til kurs på Høgskolen i Oslo (HiO) i 26. februar 2009. Norsk Journalistlags studentlag ved HiO og tilsette ved HiO var samarbeidspartnarar. Dessutan har vi vore samarbeidspartnar for Mållaget i Kristiansand i utviklinga av studentstipendet (sjå avsnittet Samarbeid med andre).

Anna målpolitisk arbeide
Vi har halde fram arbeidet med å følgja opp Vinjefondet. I møtet med kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas drøfta vi normering i nyhendesendingar og nynorsk på nettsidene, og hjå distriktskontora.

Nynorsk redaktørpris og annan heider
Nynorsk redaktørpris vart delt ut for sjette gong i år (sjå òg under Dei nynorske mediedagane). Nynorsk redaktørpris for 2009 gjekk til redaktør og dagleg leiar for Os og Fusaposten, Christian Stabell. Dette er det tiltaket som gir oss mest merksemd i media.

Kommunikasjons- og mediearbeid
Nettsider og sosiale medier
Lagssida vår ligg under veven til Noregs Mållag og har adressa www.nm.no/lag/mediemallaget. Domenet www.mediedagane.no vert ruta til nettsidene. Sidene inneheld kommentarar og pressemeldingar for styret, ymse nyhendesaker frå målrørsle, fagfelta vi arbeider med, politikkområde som er interessante for oss og organisasjonsstoff.

Sommaren 2008 oppretta vi eiga Facebook-gruppe. Per 20. februar har gruppa 163 medlemmer. 43 av desse er medlemmer i Mediemållaget. Vi har òg eigen Twitter-profil, twitter.com/Mediemallaget. Per 21. februar er det 83 som følgjer oss der.

Medlemsbrev
Det er sendt ut e-medlemsbrev til dei medlemmene vi har e-postadresser til. Dessutan får dei vi ikkje har e-post til meldingsbrev i posten.

Pressemeldingar
- Ønskjer framlegg til Nynorsk redaktørpris for 2009
- Om Mediedagane
- Nynorsk redaktørpris for 2009 til Christian Stabell.

Mediedekning
Noko mediedekning av Dei nynorske mediedagane og Nynorsk redaktørpris. Dessutan nokre intervju og saker i til dømes LNK-nytt.

Fast spalte i Kringom
Leiaren har skrive kommentarar til spalten i dei to nummera av Kringom som har kome ut i løpet av arbeidsåret. Desse ligg på nettsida.


Økonomi
Den einaste faste inntekta vi har, er lagsdelen av kontingenten til Noregs Mållag. For 2009 og 2010 er denne kr 60,- per medlem. Det seier seg sjølv at dette ikkje er nok til å drifta eit lag og styrearbeidet. I samband med Dei nynorske mediedagane søkte vi støtte hjå fleire instansar (sjå eiga omtale av Mediedagane. (Sjå elles eigne saker om rekneskap og budsjett.)

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS