FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. DESEMBER 2019
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Årsmøte 2017 Årsmøte 2013 Årsmøte 2012 Styret Årsmøte 2011 Årsmøte 2010 Årsmøtet i 2009 Årsmøtet i 2008 Årsmøtet i 2007 Lenkjer

Protokoll - årsmøtet 2010

 (27.11.2010)

Tid: Laurdag 6. mars 2010, kl. 13.00 – 14.00
Stad: Litteraturhuset i Oslo
Det var ni personar til stades.
Etter det ordinære årsmøtet vart det halde eit ope møte med tittelen «Mediespråket – korleis står det til?» Innleiing ved redaktør i fagbladet Journalisten, Helge Øgrim.

Sak 1 Opning
Innkalling og dagsorden vart godkjende.

Sak 2 Konstituering
Ordstyrar: Kjetil Haanes
Skrivar: Guri Kulås
To protokollunderskrivarar: Amund Trellevik og Vidar Rekve

Sak 3 Årsmelding
Vedtak: Årsmeldinga for 2009 vart godkjent av årsmøtet.

Sak 4 Rekneskap for 2009
Vedtak: Rekneskapen for 2009 vart godkjent av årsmøtet.

Sak 5 Arbeidsprogram for 2010-2011
Vedtak: Styret sitt framlegg til arbeidsprogram for 2010-2011 vart vedteke av årsmøtet.

Sak 6 Budsjett for 2010-2011
Vedtak: Styret sitt framlegg til budsjett for 2010-2011 vart vedteke av årsmøtet.

Sak 7 Årspengar 2011
Vedtak: Åsmøtet vedtok at lagsdelen av medlemskontingenten blir kr. 70,- for 2011.

Sak 8 Innkomne saker
Kjetil Haanes fremja følgjande sak til årsmøtet:

”Mediemållaget innfører ei ordning med eit årleg honorar for leiaren av laget. Honoraret skal vere ein kompensasjon for det ekstra ansvaret og dei ekstra utgiftene som følgjer med leiarvervet. Styret får fullmakt til å fastsette storleiken på honoraret avgrensa oppover til kr. 4.000,- i året.”

Årsmøtet vedtok å realitetshandsama framlegget og det vart samrøystes vedteke.

Sak 9 Val
Styre for 2010-2011:
Berit Rekve, Folkeuniversitetet – Leiar (økonomiansvarleg) – attvald for eitt år

Styremedlemmer:
Jon Inge Vikan, Adresseavisen – 2 år – attvald
Amund Trellevik, Student – 2 år – ny


Gunn Kristin Aasen Leikvoll, student – ikkje på val
Pål Hovengen Plassen, NRK/Norgesglasset P1 – ikkje på val
Guri Kulås, Klassekampen – ikkje på val

Varamedlemmer:
1. Grunde Grimstad, Finansavisen – 1 år – attvald
2. Margunn Sunnfjord, Nynorsk Pressekontor – 1 år – ny

Ettersynsmann for perioden 2010-2011:
Sverre Osland, Økonomisjef i Politiets utlendingseining

Valnemnd for perioden 2010-2011:
Arvid Samland, Kommunikasjonsrådgjevar, Statsministerens kontor
Rune Hetland, Generalsekretær, Landslaget for lokalaviser

Styret kan supplera valnemnda med ein medlem.

Oslo, 6. mars 2010

Nyhende frå nm.no:


© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS