FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Årsmøte 2017 Årsmøte 2013 Årsmøte 2012 Styret Årsmøte 2011 Årsmøte 2010 Årsmøtet i 2009 Årsmøtet i 2008 Årsmøtet i 2007 Lenkjer

Arbeidsprogram 2008-2009

Innleiing
[Her kan du lasta ned programmet som pdf]
Det har aldri vore så mange medium og kommunikasjonsarenaer tidlegare. Både digitale medium og veksten innanfor t.d. bokbransjen gjer at det totale volumet av tekstproduksjon for det offentlege rommet aukar. Nynorsken er truleg synlegare for folk enn tidlegare, og haldningane til nynorsk ser ut til å vera stadig meir positive. Dei siste åra har vi sett at nynorsken i større grad har fått sleppe til i til dømes den kulørte pressa og i reklame. Utfordringa ligg i å skaffa nynorsken den plassen eit jamstelt rikspråk skal ha i det offentlege rommet. Men det er langt att til nynorsk er eit reelt jamstelt riksspråk på dei områda Mediemållaget arbeider med, og dette programmet peikar sjølvsagt langt utover ein årsmøteperiode.

Eitt utviklingsdrag innan for friviljug organisering er tendensen til at ein leitar etter svar på spørsmålet ”Kva får eg att for dette?” når ein skal slutta seg til ein organisasjon. Dette vil òg vera ei utfordring for målrørsla. Yrkesmållaga har eit svært godt utgangspunkt for å møta utfordringa frå spesialiserte interesser når ein skal organisera friviljug innsats, og Mediemållaget har potensiale til å bli eit mykje større lag enn vi er i dag. For å nå dei målpolitiske måla vi har vert det difor viktig å arbeida med organisasjons- og kommunikasjonsutvikling i tida frametter.

Framlegget til arbeidsprogram innheld ikkje så mange svar på korleis styret og andre aktive skal løysa oppgåvene. Dette meiner vi bør vera opp til dei som ønskjer å vera aktive og dessutan tilpassa saker og samarbeidstilhøve.

I) Målpolitiske arbeidsområde
Nokre av desse områda har det alt vore arbeidd mykje med, andre trengst det å utvikla. Utviklinga av og arbeidet med nokre av områda vil vera knytt til bygging av nettverk mellom faggrupper.
• Nynorsken sin plass i stoffutvekslingssamarbeidet mellom Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad, Adresseavisen, Fædrelandsvennen og Aftenposten, og i Dagbladet og VG.

• Nynorsk i den kulørte pressa.

• Nynorsken i journalistutdanningane.

• Nynorsk på alle plattformer i NRK og TV2.

• Nynorskens plass innanfor kommunikasjonsrådgjeving og den statlege kommunikasjonspolitikken.

• Nynorsk i forlagsverksemd.

• Nynorsk i reklame og marknadsføringsspråk.

• Dei politiske rammevilkåra for nynorsken.
o Våren 2008 kjem stortingsmeldinga om språk, og det vert viktig å følgja opp dei områda som er mest relevante for oss. Laget bør særleg bidra til utvikling av Vinjefondet, som mellom anna er lova i Kulturløftet/Soria Moria-erklæringa.

• Arbeida med strategi- og prinsippgrunnlag for laget.

II) Organisasjonsutvikling og samarbeid
• Mediemållaget som arena
o Laga høvelege tilskipingar for debatt, fag og nettverksbygging.
o Aktivisera fleire medlemmer.
o Leggja til rette for nettverk for ulike medlemsgrupper (media, kommunikasjon, reklame, forlag).

• Rekruttering av nye medlemmer
o Verving i aktuelle grupper.

• Samarbeid
o Nærskylde organisasjonar
Mediemållaget er ein del av Noregs Mållag og skal vera ein naturleg premissleverandør på det medie- og kommunikasjonspolitiske området. Når det er tenleg, samarbeider vi også nært med t.d. Kringkastingsringen og andre innanfor ”nynorskfamilien”.

Mediemållaget held fram samarbeidet med Kringkastingsringen om møte med leiinga i NRK og TV2.

o Andre samarbeidspartnarar
I mange saker er det naturleg å finna relevante samarbeidspartnarar innanfor t.d. medieorganisasjonar, utdanningsinstitusjonar og ulike verksemder.


III) Faglege utviklingstiltak og tenester
• Kursverksemd
o Tilby kurs for journalistikkstudentar og andre journalistar som vil nytta nynorsk.
o Tilby kurs for kommunikasjonsrådgjevarar.

• Forsking
o I lag med samarbeidande organisasjonar inspirera til meir forsking og utgreiingsarbeid på området nynorsk i media og kommunikasjon.

IV) Kommunikasjon og PR
Mediemållaget bør vera synleg offentleg i saker som vedkjem arbeidsområda våre.
• Eksternkommunikasjon
o Nettsidene
o Presse – debattinnlegg
o Fast spalte i Kringom (Kringkastingsringen sitt blad)

• Internkommunikasjon
o Nettsidene
o Medlemsbrev på e-post/papir til dei som ikkje har e-postadresse
o Nytt verkty for nettkommunikasjon på Noregs Mållags plattform

V) Ros og heider
• Nynorsk redaktørpris

• Ulike former for støtte og merksemd til både dei som alt er gode til å sleppa nynorsken til og til dei som gjer ein innsats der nynorsken ikkje har hatt ein plass tidlegare.

VI) Økonomi
• Søkja relevante kjelder om støtte til finansiering av kurs og andre tilskipingar.


Vedteke av årsmøtet 9. februar 2008.

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS