FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Årsmøte 2017 Årsmøte 2013 Årsmøte 2012 Styret Årsmøte 2011 Årsmøte 2010 Årsmøtet i 2009 Årsmøtet i 2008 Årsmøtet i 2007 Lenkjer

Årsmøte 2009 - sak 3 Årsmelding 2008-2009

 (01.02.2009)

Organisasjonen
Styret og styrearbeidet
Styret for 2008-2009:
Berit Rekve, Folkeuniversitetet (leiar)
John Inge Vikan, Adresseavisen
(nestleiar frå 7. september 2008)
Finn E. Våga (nestleiar til 7. september 2008 –
gjekk ut av styret)
Ingvild Aursøy Måseide (permisjon frå 7. september 2008)
Amund Trellevik (permisjon frå 7. september 2008)
Ingvild Bryn, NRK Dagsrevyen
Gunn Kristin Aasen Leikvoll
Guri Kulås
Grunde Grimstad, Finansavisen (1. vara)

Styret har hatt to fysiske møte, seks telefonmøte og elles mykje kommunikasjon på telefon og e-post.

Medlemmer
Per 1.1.2009 var det registrert 109 medlemmer i Mediemållaget, 12 av desse var nye i 2008. Det er ein god framgang. 90 betalte kontingent for 2008. Dette er det beste resultatet til no.

Noregs Mållags medlemsregister fungerer slik at innmelde medlemmer som ikkje har betalt kontingent tre år eller meir på rad, vert strokne. I dei fleste tilfella ser det ut til at dette er ei form for passiv utmelding. Ved årsskiftet galdt dette seks personar. Mediemållaget har motteke informasjon om fire aktive utmeldingar i året som har gått. Vi ikkje har kunnskap om kva som er grunnen til at medlemmer går ut av laget.

Mediemållaget har medlemmer over store deler landet, men ingen i Østfold, Hedmark, Nord-Trøndelag, Nordland og Finnmark. Halvparten av medlemmene bur i Oslo. Medlemmene er i alderen 22-79 år og gjennomsnittsalderen vil i løpet av 2009 vera 48,5 år.

Samarbeid med andre
Noregs Mållag
Utover det vanlege samspelet med sentrallekken i Noregs Mållag har vi de siste åra hatt eit utviklingssamarbeid i lag med dei andre yrkesmållaga. Dette skjer i hovudsak i eit leiarforum.

Kringkastingsringen
Kringkastingsringen og Mediemållaget har fleire saker til felles. Mellom anna samarbeider vi om møta med leiinga i NRK. Det har ikkje vore slikt møte i denne årsmøteperioden. Kringkastingsringen inviterer leiaren for Mediemållaget til å delta på styremøta deira. Leiaren har dessutan fast spalte i bladet Kringom, medan dagleg leiar i Kringkastingsringen har spalte i Noregs Mållags medlemsavis Norsk Tidend.

I samband med jubileet gav Kringkastingsringen oss fagleg samarbeid om eit hovudfagsstipend i gåve. Vi arbeider i lag med dei for å finna god innretning og stipendet vert utlyst i 2009.

Mållaget i Kristiansand
Mållaget i Kristiansand inviterte i januar 2008 styret i Mediemållaget til samarbeid om utvikling av eit stipend til journaliststudentar som vil skriva nynorsk. Vi har kome med strategiinnspel, statuttvurderingar, tatt initiativ til samarbeidet med Nynorsk Pressekontor/NTB og drive PR-arbeid for stipendet. I juryen for stipendet har nestleiar John Inge Vikan deltatt. For Nynorsk Pressekontor deltar redaktør Arne Sigurd Haugen.

Andre
I samband med Dei nynorske mediedagane hadde vi samarbeid med mange ulike aktørar og bidragsytarar (sjå eiga omtale). Vi har uformell kontakt med fleire medie-
organisasjonar og –verksemder, mellom anna Norsk Journalistlag (NJ), Norsk Pressehistorisk Forening, Norsk Redaktørforening og Riksfondet for nynorsk presse. Dessutan har vi samarbeid med tilsette ved journalistutdanninga ved Høgskolen i Oslo (HiO), NJs studentlag ved HiO og med Asgeir Olden ved Institutt for journalistikk i samband med kurset i februar.

Deltaking i ulike tilskipingar/reiser
• Noregs Mållags landsmøte i Stavanger 25.-27. april: Vi stilte ikkje med eigne delegatar, men leiar Berit Rekve (sentralstyremedlem) var til stades.
• Ingvild Bryn har halde føredrag for studentar ved Nynorsk mediesenter og vitja Mållaget i Kristiansand på ope møte.
• Guri Kulås deltok i panelet under Noregs Mållags seminar på Mediedagane.
• Berit Rekve møtte for Noregs Mållag i Nynorsk Forum på møte om nynorsk nettavis hjå ABC Startsida.
• Berit Rekve har vore juryleiar for Nynorsk næringslivspris, som i 2008 gjekk til Kari Traa AS. Ho er òg ein av Noregs Mållags representantar i Målpolitisk Råd ved Det Norske Teatret.

Tilskipingar og andre aktivitetar
Årsmøtet
Møtet vart halde i kantina til Det Norske Samlaget 9. februar. Møtet opna med temaet ”Vert nynorsken marknadstilpassa når ein skal selja bøker?”. Forlagsredaktør Olav Væhle Hauge innleidde til ordskifte.
(Sjå referat under vedlegg bak i heftet.)

Dei nynorske mediedagane
Styret vedtok å oppretta Dei nynorske mediedagane (Dnm) i møtet i mars. Føremålet er å skapa ein arena for organi-sasjonar og verksemder som arbeider med og for nynorsk i media, men òg gi rom for andre medieorganisasjonar. Den 10. oktober var det 150 års sidan Aa.O. Vinje gav ut den første utgåva av vekebladet ”Dølen”. Dette var ei viktig markering for oss.

Mediemållaget inviterte organisasjonar og verksemder som arbeider med nynorsk i media, og
medieorganisasjonar. Dessutan inviterte vi Vinje kommune til samarbeid om markeringa av 150-årsjubileet for A.O. Vinjes blad Dølen.

Samarbeidspartarar
Norsk Pressehistorisk Forening, Kringkastingsringen, Nynorsk mediesenter, Nynorsk Pressekontor, Noregs Mållag, Norsk Redaktørforening og Vinje kommune.

Vi fekk løyvingar frå Norsk kulturråd, Institusjonen Fritt Ord, Riksfondet for nynorsk presse, Sandefjord og Sandar Mållags legat til norsk målreising. Dessutan dekte Redaktørforening lokalet til fagmøtet, Vinje kommune dekte Storegut-framsyninga og Norsk Pressehistorisk Forening føredraget med Ottar Grepstad. Kringkastingsringen og Noregs Mållag skipa til seminara sine til sjølvkost og bidrog dessutan noko til PR-kostnadene. Fylkesmållaget Vikværingen bidrog til utsending av program til eit stort antal medlemmer i Oslo-regionen.

Administrasjon
All administrasjon av Dei nynorske mediedagane er gjort som frivillig innsats. Dette bidreg til å sikra økonomien for dette tiltaket og laget, og pløya ressursar attende til vidare verksemd.

Litteraturhuset som hovudarena
Mediemållaget nytta Litteraturhuset første gong under 30-årsjubileet hausten 2007. Røynslene med samarbeid med administrasjonen i Litteraturhuset var så gode at det gav meirsmak å ta med seg gode idear inn i dit. Vi kan gjerne seia det gjerne slik: ”Godt hus gir gode idear og arbeidslyst.” Det er ein vesentleg faktor når ein skal inspirera til deltaking og innsats.

Om programmet for Dei nynorske mediedagane
I den opprinnelege planen var å halda desse dagane 10.-11. oktober. Etter ønskje frå inviterte samarbeidspartnarar vart perioden utvida til 9.-12. oktober. Kringkastingsringen la det årlege seminaret sitt til laurdagen, slik det opprinneleg var planlagd. Temaet var Barnefjernsyn. Mot slutten av programmeringsprosessen bad Noregs Mållag om å få leggja det årlege haustseminaret sitt under paraplyen Dei nynorske mediedagane og programmera sundagen. Temaet var Journalistikken og nynorsken. Dette var gode seminar med viktig fagleg innhald.

Nynorsk redaktørpris for 2008 vart delt ut under plenumssamlinga på Norsk Redaktørforenings haustkonferanse. Vi fekk svært god mottaking og presentasjon der.

Fagseminaret hadde oppfølging av stortingsmeldinga om språk og nynorsk mediespråk som tema. Hovudinnleiar var statssekretær Wegard Harsvik frå Kultur- og kyrkjedepartementet. Seminaret samla deltakarar frå presse, medieorganisasjonar og frå nynorskorganisasjonar. Det vart halde i etterkant av Redaktørforeningens haustkonferanse og foreininga støtta oss med mellom anna å finansiera bruk av seminarrom i lokala dei hadde leigd på Hotel Royal Christiania. (sjå vedlegg med heile programmet)

Vinje-kvelden – feiring av 150-årsjubileet for A.O. Vinjes blad Dølen
Mediemållaget hadde ansvar for programmeringa av denne tilskipinga i samarbeid og med støtte frå Norsk Pressehistorisk Forening og Vinje kommune. Vinje-kvelden vart halden i ein fullsett Wergelandsal i Litteraturhuset. På programmet:
• Storegut-framsyning med Odd og Aasmund Nordstoga og Per Anders Buen Garnås. Dette var Vinje kommunes bidrag til jubileet og Mediedagane.
• ”I Vinjes fotefar”. Journalist Arnhild Skre samtalar med forfattarane Herman Willis og Nils Rune Langeland.
• Pressehistoriske føredrag: ”Nynorskpressa som kultur- og identitetsskapande faktor 1858-2008”. Direktør for Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad.

Vurdering av Dei nynorske mediedagane
Mediemållaget er eit frivillig lag som ikkje rår over store ressursar. Når vi likevel sette i gang dette tiltaket, var det fordi vi meinte det var viktig å skapa ein ny arena for å fremja synleggjera nynorsk som mediespråk. Dessutan var det ingen andre i presse- eller nynorskkrinsar som hadde planar om å markera Dølen-jubileet.

Etter dei gode attendemeldingane frå samarbeidspartnarar, både innanfor og utanfor ”nynorskfamilien” å døma, var dette eit svært vellykka tiltak. Vi har fått synleggjort både emnet nynorsk mediespråk, aktørar som bidreg på området, og skapt nye alliansar for vidare samarbeid.

Styret for Mediemållaget har vedteke å halda fram satsinga og vi skipar til Dei nynorske mediedagane også i 2009. Også då er det planar om at Litteraturhuset skal hovud-arena.

Arbeid overfor journaliststudentar
I årsmøteperioden har det ikkje vore skipa kurs for studentar, men Det vert eit kurs på Høgskolen i Oslo (HiO) i 26. februar 2009. Norsk Journalistlags studentlag ved HiO og tilsette ved HiO er samarbeidspartnarar. Dessutan har vi vore samarbeidspartnar for Mållaget i Kristiansand i utviklinga av studentstipendet (sjå avsnitet Samarbeid med andre).

Anna målpolitisk arbeide
Årsmøtet vedtok fråsegn om oppretting av Vinjefondet. Denne var rett mot Kultur- og kyrkjedepartementet og arbeidet med språkmeldinga. Dette er med, i lag med ei rekkje andre punkt om nynorsk og media i meldinga.

Nynorsk redaktørpris og annan heider
Nynorsk redaktørpris vart delt ut for femte gong i år (sjå òg under Dei nynorske mediedagane). Nynorsk redaktørpris for 2008 gjekk til sjefredaktør Arne Sigurd Haugen i Nynorsk Pressekontor og sjefredaktør og administrerande direktør Pål Bjerketvedt i Norsk Telegrambyrå. Dei to fekk prisen for samarbeidsavtalen mellom NPK og NTB og det viktige utviklingsarbeidet i byråa som følgjer av avtalen.

Dette er det tiltaket som gir oss mest merksemd i media. Vi har fått mange positive attendemeldingane frå pressefolk og andre for valet av årets pristakarar.

Kommunikasjons- og mediearbeid
Nettsider og Facebook
Lagssida vår ligg under veven til Noregs Mållag og har adressa www.nm.no/lag/mediemallaget. Domenet www.mediedagane.no vert ruta til nettsidene. Vi nyttar denne adressa utetter for at det skal vera enklare å hugsa kvar ein finn oss på nettet. Sidene inneheld kommentarar og pressemeldingar for styret, ymse nyhendesaker frå målrørsle, fagfelta vi arbeider med, politikkområde som er interessante for oss og organisasjonsstoff.

Sommaren 2008 oppretta vi eiga Facebook-gruppe. Per 18. januar har gruppa 55 medlemmer. 30 av desse er ordinære medlemmer i Mediemållaget. Gruppa vert nytta til ordskifte og til å kunngjera tilskipingar.

Medlemsbrev
Det er sendt ut åtte e-medlemsbrev til dei medlemmene vi har e-postadresser til. Dessutan får dei vi ikkje har e-post til meldingsbrev i posten. Programbrosjyra for Dei nynorske mediedagane vart sendt til alle.

Pressemeldingar frå Mediemållaget
- Mediemållaget ber regjeringa oppretta Vinjefondet
- Ønskjer framlegg til Nynorsk redaktørpris for 2008
- Språkmeldinga innfrir for nynorsk i media
- Pressehistorie, barnefjernsyn og journalistspråk
(om Mediedagane)
- Ein halv million til nynorsk mediespråk – Vinjefondet utsett (om statsbudsjettet)
- Nynorsk redaktørpris for 2008 til sjefredaktørane
Bjerketvedt (NT) og Haugen (NPK).

Mediedekning
Nynorsk redaktørpris vart dekt av ANB-NTB + 38 andre kjelder. Nokre papiraviser hadde større saker om prisen, mellom anna Hallingdølen. Om Dei nynorske mediedagane hadde vi førehandsintervju i Norsk Tidend og førehandsomtale i Dagens Medier. Stipendet i samarbeid med Mållaget i Kristiansand (om utlysinga og talet på søkjarar) vart omtala i NPK, Fedrelandsvennen, Nationen Journalisten, NRK Sørlandet. NPK og Hallingdølen refererte pressemeldinga om statsbudsjettet og Vinjefondet.

Fast spalte i Kringom
Leiaren har skrive kommentarar til spalten i dei tre nummera av Kringom som har kome ut i løpet av arbeidsåret. Desse ligg på nettsida.

Økonomi
Den einaste faste inntekta vi har, er lagsdelen av kontingenten til Noregs Mållag. Dei siste åra har denne vore på kr 40,- per medlem. Det seier seg sjølv at dette ikkje er nok til å drifta eit lag og styrearbeidet. I samband med Dei nynorske mediedagane søkte vi støtte hjå fleire instansar (sjå eiga omtale av Mediedagane. (Sjå økonomisaker.)

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS