FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. OKTOBER 2018
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Kringkastingsprisen til Morten Sandøy i TV2

 (22.11.2011)

På ein pressekonferanse i 22. november 2011 fekk Morten Sandøy Kringkastingsprisen for arbeidet som ankermann og programleiar i TV 2.

Grunngjevinga frå juryen:

Prisvinnaren i år ber ei tung bør på skuldrene sine. Han er ein av dei som personleg står ansvarleg for at nyhendespråket i den norske kommersielle kringkastaren har fått eit nynorsk preg.

Han er frå Førde, og har utdanninga si frå Journalisthøgskolen i Oslo. Etter ei tid i NRK gjekk han til den nyoppstarta kanalen TV 2 i Bergen. Der har han vore nyhendeanker, utanriksreporter og programleiar for Magasinet. Heile tida har han nytta ei klår og forståeleg nynorsk språkdrakt i formidlinga si, og har vore ein av berebjelkane for nynorsken i TV 2.

Då Kringkastingsringen i 1997 gjorde ei gransking av nynorskbruken i NRK Dagsrevyen og TV 2-nyhenda, overraska det mange at det var TV2 som kom best ut. Det synte seg at prisvinnaren i år skulle ha ein stor del av æra for den statistikken, og stod for 96 av dei 109 nynorskinnslaga i granskingsperioden.

Sjølv uttala han den gongen at han ikkje tykte det var så farleg om det er nynorsk eller bokmål, men at det viktigaste er at språket er klårt. Juryen har ikkje undersøkt om han framleis meiner dette, 14 år seinare, men legg heller ikkje stor vekt på det. Vi legg vekt på handling i ord, og prisvinnaren er ein som, takk vere godt språk, har sikra at nynorsken er ein umisteleg del av den språklege profilen til nyhenderedaksjonen han arbeider i.

Kringkastingsprisen 2011 går til Morten Sandøy i TV2-nyhenda og TV2 Nyhetskanalen.

Kringkastingsprisen blir delt ut til ei røyst som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet. Kringkastingsringen har delt ut Kringkastingsprisen kvart år sidan 1978. Prisen er eit grafisk blad av kunstnaren Per Kleiva.

© Noregs Mållag 2018 - Sidene laga av Zetta AS