FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Hit eit steg …

Det er spennande tider for nynorsken. Norske avistekstar er på vandring. Kan dette gje nynorsken større utbreiing?

Eg siktar særleg til samarbeidet mellom regionavisene og Aftenposten. Her skal eg ikkje kommentera eigarskapsstruktur og Media Norge-saka, men derimot kva utvekslinga av redaksjonelt stoff kan bety. Det samarbeidet eksisterer, etter det eg har skjøna, uavhengig av eigarskapssaka.

Fleire har uttrykt uro over at dette samarbeidet kan føra til språkleg einsretting. Konkret betyr dette at ein ser for seg at journalistar som skriv nynorsk når dei får velja, skriv bokmål når stoffet skal på trykk i dei avisene som ikkje har som språkpolitikk at dei tillèt begge målformene. Stavanger Aftenblad og Bergens Tidende (BT) har ein heilt tydeleg profil på at dei nyttar begge målformer, Adresseavisen og Fædrelandsvennen slepp til nynorsk av og til – på heilt spesielle område – medan Aftenposten knapt tillèt nynorsk på redaksjonell plass i det heile. Endar dette rett og slett med at ein skriv stoff på bokmål for å tilpassa seg Aftenposten? Det vil i så fall bety at vi som les Aftenposten dagleg, vil gå glipp av mykje godt stoff som kunne har vore der, men som ikkje kjem inn fordi det er skrive på nynorsk.

Då leiaren for Kringkastingsringen i fjor haust stilte spørsmål om konsekvensar av Media Norge-samarbeidet, svara sjefredaktøre Tom Hetland i Aftenbladet: ”For Aftenbladet sin del tyder det at vår gamle linje i språkspørsmål ligg fast: Aftenbladet bruker begge norske målformer, og skal avspegla den todelte språksituasjonen og det språklege mangfaldet som er eit kjenneteikn ved fylket vårt.” Dette er sjølvsagt betryggande å lesa. Men kan Aftenbladet og BT også medverka til at Aftenposten og dei andre opnar seg for nynorsken?

… og dit eit steg
Det er også andre som får nynorsk stoff ut på ”presseveg”. Nynorsk Pressekontor (NPK) har i snart førti år levert stoff til presse og kringkasting på nynorsk. Kor mange saker har vi gått glipp av frå den kanten fordi mange aviser ikkje har hatt vilje til å ta inn stoff på nynorsk? Frå og med i år har NPK også ein samarbeidsavtale med NTB. Det vert spennande å sjå kva ringverknader dette kan få for utbreiinga av nynorsk i pressa.

Mediemållaget er midt inne i feiringa av 30-årsjubileet. Om det er noko ein 30-åring alltid ønskjer seg, må det vera framgang og lykke. Vi ønskjer oss at den utviklinga pressa og nynorsken er inne i no, fører med seg mange steg framover på presseveg - frå avisside til avisside.

(Kommentar frå Kringom 3-2007)

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS