FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Nynorsk i Aftenposten etter fusjonen?

 (02.03.2008)

- Når klagenemnda no har tillate Media Norge-fusjonen, er vi spente på om nynorsken får sleppa til på redaksjonell plass i Aftenposten, seier Berit Rekve, leiar for Mediemållaget. - To av avisene, Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad, har mykje stoff på nynorsk. Her er det mykje godt stoff å henta i stoffutvekslingssamarbeidet, det burde sjølvsagt Aftenposten ta inn utan omsyn til målform. Vi veit det finst døme på at ein omset stoff som er skrive på nynorsk. Dette er då heilt uforståeleg uraust og merkeleg bruk av ressursar, seier Rekve.

- Vi kjenner òg til at at nynorskskrivande skriv bokmål når dei veit stoffet skal til fleire aviser.

- Vi prioriterer arbeidet for nynorsken i stoffutvekslingssamarbeidet mellom Media Norge-avisene/Adresseavisen svært høgt, seier Rekve. - Det er på tide å få opna dette rommet for nynorsken. Eg trur faktisk Aftenposten undervurderer kor mange i nedslagsfeltet deira som er nynorskbrukarar og som gjerne vil sjå meir av målforma si i avisa.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS