FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Solem i TV2 får Kulturdepartementet sin nynorskpris

 (25.05.2008)

Nynorskprisen for journalistar går i år til nyhendeanker Odd Reidar Solem i TV2. Prisen er på 50.000 kroner og vert delt ut under Dei Nynorske Festspela i Ørsta 26. juni. Mediemållaget gratulerer!

Juryen grunngjev tildeling med at Solem i fleire tiår har skilt seg ut med å bruke ein levande og god nynorsk som journalist i avis, radio og fjernsyn. Han er svært oppteken av korleis vi brukar språket vårt og er sjølv eit godt føredøme.

Etter å ha vore med i det fyrste kullet ved medielina på Høgskulen i Volda i 1973, arbeidde han nokre år i avis før han byrja i NRK i 1977. Frå 1989 var han redaktør i Romsdals Budstikke i Molde, før han byrja i TV2 i 1993.

Juryen for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar har vore journalist Gry Molvær (leiar), sjefredaktør Tom Hetland og forfattar Olaug Nilssen.

Foto: TV2

(Kjelde: KKD)

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS