FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Lars Erik Holter ny teatersjef på Det Norske Teatret

 (23.06.2008)

Eit samla styre har i dag tilsett Lars Erik Holter som teatersjef ved Det Norske Teatret. I alt var det 12 søkjarar til stillinga og Holter utmerka seg med ein sterk kunstnarleg profil. Lars Erik Holter er tilsett for ein periode på seks år frå 01.01.2010.

Lars Erik Holter (fødd 15. mai 1965) er frå Nes i Hedmark. Han er utdanna skodespelar og sceneinstruktør ved Kunsthøgskolen i Oslo. Holter har sidan 1995 arbeidd som både skodespelar og regissør ved ei rad institusjonsteatre og privatteatre, og produsert eigne framsyningar i det frie feltet. På Det Norske Teatret gjorde han først diplomoppgåva i regi frå Kunsthøgskolen, Beogradtrilogien, i 2001. Seinare har han sett opp Svart mjølk og Helten på den grøne øya ved teatret. Holter har - i tillegg til å undervise ved - vore med på å utforme studieplanen ved skodespelarlina ved Kunsthøgskolen i Oslo.

(Pressemelding frå Det Norske Teatret)

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS