FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. DESEMBER 2019
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Språkmeldinga innfrir for nynorsk i media

 (27.06.2008)

- Mediemållaget er svært nøgd med at Vinjefondet kjem på plass i språkmeldinga, seier leiar Berit Rekve.

- Eg er glad for at Regjeringa følgjer opp Kulturløftet og Soria Moria-fråsegna i denne meldinga. Dette har vi og mange andre arbeidd for lenge. No kan vi gå vidare for å få viktige tiltak for å styrkja det nynorske språket i media. Det trengst i ein sektor der nynorsken mange stader har svært tronge kår, seier Rekve.

- Mediemållaget har teke initiativ overfor fleire miljø for å få til utviklings- og stipendarbeid. Vinjefondet vil gje dette arbeidet ekstra kraft.

– Dette vert eit viktig verkemiddel for å løfta nynorsken i journalistikken, og vi reknar med at midlane er inne i budsjettet for 2009. Det vil vera ein flott inngang når Mediemållaget og samarbeidspartnarane skipar 150-årsjubileum for Aa.O. Vinjes blad Dølen under Dei nynorske mediedagane 10. oktober, avsluttar Rekve.

For meir informasjon:
Leiar Berit Rekve
958 70 611
--

Heile stortingsmelding 35 kan lastast ned her.

Nyhende frå nm.no:


© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS