FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. DESEMBER 2019
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Ein halv mill. til nynorsk mediespråk

 (07.10.2008)

Regjeringa løyver ein halv million til å følgja opp satsinga på nynorsk som mediespråk i språkmeldinga. Vinjefondet, som vart lova i språkmeldinga er utsett fordi det trengst betre førebuingar. - Dette er ein god start og vi skal gjera det vi kan for å bidra til å utvikla Vinjefondet, seier Berit Rekve, leiar for Mediemållaget.

Det første høvet byr seg under Dei nynorske mediedagane og fagmøtet om nynorsk mediespråk fredag. - Då møter vi statsekretær Harsvik frå Kulturdepartementet. Eg vonar det vert ein konstruktiv diskusjon om det vidare arbeidet for å styrkja nynorsk journalistikk.

Frå KKDs proposisjon: "Av den avsatte potten på 4,0 mill. kroner [til oppfølging av språkmeldinga] er 0,5 mill. kroner øremerket til tiltak for å fremme nynorsk i mediene. Dette må ses i sammenheng med det som er uttalt i språkmeldingen om etablering av et eget fond kalt Vinjefondet med det hovedformål å styrke nynorsk journalistikk og annen publisistisk virksomhet på nynorsk. Etablering av et slik fond krever mer omfattende forberedelser.
Som alternativ løsning foreslår derfor departementet i denne omgang en ordinær bevilgning. Den foreslåtte avsetningen på 0,5 mill. kroner tilsvarer avkastningen av et fond på om lag 10 mill. kroner.

Nyhende frå nm.no:


© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS