Nynorsk redaktørpris for 2008 går til sjefredaktør Arne Sigurd Haugen i Nynorsk Pressekontor og sjefredaktør og administrerande direktør Pål Bjerketvedt i Norsk Telegrambyrå. Dei to får prisen for samarbeidsavtalen mellom NPK og NTB og det viktige utviklingsarbeidet i byråa som følgjer av avtalen.
- Samarbeidet er strategisk svært viktig for nynorsk som mediespråk. Det gir styrke og gode vilkår for å oppfylla føremålet om å spreia godt journalistisk stoff på nynorsk, seier Berit Rekve, leiar for Mediemållaget.
Føremålet med prisen er å heidra dei redaktørane som gjer ein ekstra innsats for nynorsk som mediespråk. Redaktørane er premissleverandørar for språkpolitikk og språkhaldningar i sine redaksjonar. Mediemållaget ønskjer å framheva dei redaktørane som gir nynorsken gode levekår i journalistikken.
Grunngjeving
Arne Sigurd Haugen og Pål Bjerketvedt får prisen for samarbeidsavtalen mellom NPK og NTB, som tok til å gjelda frå 1.1.2007, og det viktige utviklingsarbeidet i byråa som følgjer av avtalen. Samarbeidet er strategisk svært viktig for nynorsk som mediespråk.
I lag utviklar dei to føresetnadene for å oppretthalda eit godt nasjonalt byråtilbod på nynorsk. For samarbeidspartnarane gir dette styrke og gode vilkår for å oppfylla føremålet om å spreia godt journalistisk stoff på nynorsk.
Nyheiter på nynorsk, gjennom Nynorsk Pressekontor, inngår også i NTBs ambisjon om å levera mest mogleg innhald til flest moglege medium. Det aukar volumet og differensieringa av nyheitsprodukt. Slik går marknadsstrategi og språkleg mangfald hand i hand.Om prisvinnaranePål Bjerketvedt har vore sjefredaktør og administrerande direktør for Norsk Telegrambyrå sidan november 2004. Han har tidlegare hatt tilsvarande stilling i Østlendingen, Østlandets Blad, Avisenes Pressebyrå og Gjengangeren.
Arne Sigurd Haugen har vore sjefredaktør og dagleg leiar for Nynorsk Pressekontor sidan 2005. Han var konstituert redaktør i NPK frå 2002, og vaktsjef, nyheits- og nettredaktør i Nationen i perioden 1993-2002. Haugen har også arbeidd som journalist i Drammens Tidende/Buskerud Blad, Fremtiden, Dagbladet og VG.
Jury for årets redaktørpris har vore styret for Mediemållaget.
Kontaktpersonar:- Sjefredaktør og administrerande direktør i NTB, Pål Bjerketvedt, 932 19 339
- Sjefredaktør i NPK, Arne Sigurd Haugen, 913 22 004
- Leiar i Mediemållaget, Berit Rekve, 958 70 611
Foto frå utdelinga: Haugen, Rekve, Bjerketvedt (foto: Kjartan Helleve, NM)