FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. DESEMBER 2019
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Mållaget i Kristiansands stipend til journaliststudentar

 (23.10.2008)

No er stipendordninga frå Mållaget i Kristiansand klar. Stipendet er på kr 10 000,- i semesteret i inntil seks semester. Dette er eit av dei største studentstipenda i Noreg.

Stipendiaten får arbeide i miljøet til Nynorsk Pressekontor og NTB, og god rettleiing der.

I år er søknadsfristen 21. november.

Les meir om søknad og statuttar nedanfor eller last ned pdf.

Journaliststipend.

Bakgrunn
Mållaget i Kristiansand arbeider for at nynorsk mål skal takast i bruk på så mange samfunnsarenaer som mogeleg. Tilgang til media er svært viktig for nynorsken. På Agder er det lite rom for nynorsken i media, særleg i byavisene, der nynorskjournalistar ofte ikkje får bruke språket sitt. Talemålet på Agder ligg nærare nynorsken enn bokmålet. Det er svært få nynorskbrukande journalistar frå Agder. Som eit tiltak for få meir nynorsk i media, spesielt på Agder, vedtok årsmøtet i Mållaget 12. februar 2008 å opprette ei stipendordning for journaliststudentar som ynskjer å nytte nynorsk i arbeidet sitt.


Storleik
Mållaget har sett av inntil 60.000 kroner kvart år i tre år til utdeling. Ein student kan få inntil 10.000 kroner kvart semester i inntil tre år, i alt 60.000 kroner.


Statuttar

§1. Føremål
Stipendet skal motivere og inspirere journaliststudentar til å bruke nynorsk i studiet og i seinare arbeidsliv.


§2. Kven kan få stipend?
Søkjarar frå Agder som ynskjer å bruke nynorsk i arbeidet sitt, har førerett. Dersom det ikkje er gode søkjarar frå Agder, kan stipendet delast ut til søkjarar frå andre delar av landet. For å få stipend, må ein ha fått og teke imot studieplass.
Studentar kan få inntil 10 000 kroner kvart semester i inntil tre år. Maksimalt kan kvar student få 60 000 kroner.


§3 Stipendsøknad med grunngjeving
Ein CV som mellom anna inneheld:
a. Attesterte kopiar av vitnemål frå tidlegare utdanning.
b. Attesterte kopiar av attestar frå arbeidslivet.
c. Kopiar av eventuelle publiserte arbeid på nynorsk.


§4 Søknadsfrist
Eigen frist i 2008: 21. november (Elles 1. mars og 1. oktober).

§5. Jury
5.1 Styret i Mållaget i Kristiansand oppnemner jury på inntil 6 medlemer for 4 år om gongen. Halvparten av medlemene er på val annakvart år, fyrste gongen etter loddtrekking.

5.2 Samansetting av juryen:
- 2 representantar frå Mållaget i Kristiansand
- 1 representant frå Mediemållaget
- 1 til 2 representantar frå medieverksemder i Agderregionen
- 1 journalist frå Nynorsk Pressekontor

§ 6 Om rettar og plikter i det faglege samarbeidet mellom stipendiat og samarbeidspartnarane.
a. Stipendiaten får ein arbeidsplass stilt til rådvelde i NPK-redaksjonen i NTB.
b. NPK/NTB tilbyr stipendiaten å nytte seg av heile det faglige miljøet i NPK/NTB som del av journaliststudiet.
c. NPK stiller ein ”fadder” til rådvelde som fagleg rettleiar for stipendiaten.
d. Stipendiaten deltek i arbeidet i NPK-redaksjonen etter nærare avtale.

§7 Rapportering frå mottakar av stipend
Seinast ein månad etter semesterslutt må det sendast rapport til Mållaget i Kristiansand om progresjonen i studiet inkludert eventuelle attesterte eksamensresultat. Dette er ein føresetnad for å få forlenga stipendperioden som det samstundes kan søkjast om dersom studiet skal halde fram.

--

Søknadsinformasjon:
Skriftleg søknad må ha med opplysningar om studieplass og studiekostnader,
CV med kopi av vitnemål og attestar og eventuelle publiserte arbeid på nynorsk.
Nærare informasjon kan ein få ved å ringe
911 49 133 eller ved å senda e-post til maalkrs@frisurf.no.
Send søknaden til
Mållaget i Kristiansand, Postboks 617, 4665 Kristiansand.

Søknadsfrist
15. november 2008

Nyhende frå nm.no:


© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS