FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Trude Teige fekk Kringkastingsprisen

 (07.10.2008)

Kringkastingsprisen 2008 gjekk til Trude Teige, kjend som programleiar for Tabloid på TV 2. - Ei ære, takka prisvinnaren.

Mediemållaget gratulerer!

Som programleiar for eit aktualitetsmagasin med over 200 000 sjåarar, fire gonger i veka, syner ho at nynorsk er eit godt og effektivt nyhendespråk.
- Sidan språk er ein så stor del av min identitet, så er eg svært glad for denne prisen. Journalistar får vanlegvis pris for eit program eller ei sak. Men denne går meir til meg og til alt eg gjer. Den seier liksom at eg er ok, og det er godt å ha med seg, sa Teige under prisutdelinga på Det Norske Teatret.

Kringkastingsprisen blir delt ut til ei røyst som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet. Kringkastingsringen har delt ut Kringkastingsprisen kvart år sidan 1978. Prisen er eit grafisk blad av kunstnaren Per Kleiva.

Grunngjevinga frå juryen:

Prisvinnaren i år er 48 år, og kjem frå Herøy på Sunnmøre. Ho har lang erfaring som journalist, og byrja karrieren sin i Bergens Tidende, før ho gjekk over til etermedia i NRK Møre og Romsdal og Dagsnytt. Då TV2 starta sendingane i 1992, byrja ho som reportar der, og er no ein av dei mest profilerte programleiarane der.

Ved sidan av arbeidet som journalist, har prisvinnaren òg markert seg som forfattar. Ho har skrive to historiske romanar der handlinga er lagt til heimplassen Herøy, og ei kokebok med oppskrifter frå same område. Det er ekstra triveleg for oss at prisvinnaren òg ved fleire høve har merkt seg ut som ei aktiv målkvinne.

Kringkastingsprisen skal gå til ei røyst som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte nyttar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet. Prisvinnaren får prisen først og fremst for det arbeidet ho har gjort som fjernsynsjournalist og -programleiar. I år gjekk ho over frå å vera nyhendeanker i TV 2-nyhenda til å leia aktualitetsprogrammet "Tabloid" i beste sendetid. Prisvinnaren i år er Trude Teige.

Juryen har lagt vekt på at Teige er bruker nynorsk og dialekt på ein tydeleg, uredd og naturleg måte. Som profilert nynorskbrukar i nyhende- og aktualitetsavdelinga til TV2 viser ho samtidig, fire dagar i veka i beste sendetida, at nynorsk eignar seg godt som eit kjapt, effektiv og nøytralt nyhendespråk. Trude Teige er med på styrka den solide plassen nynorsk har i norsk nyhendejournalistikk. Det kom inn fleire uavhengige nominasjonar av Teige til Kringkastingsprisen.

Det er ei glede å tildela Kringkastingsprisen 2008 til Trude Teige.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS