FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Arkiv 2013 Arkiv 2014 Arkiv 2015 Pressemeldingar Kommentarar Logoar og bilete Arkiv 2012 Arkiv 2011 Arkiv 2010 Arkiv 2009 Arkiv 2008 Arkiv 2007 Dei nynorske mediedagane Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

ABC vil starta nynorsk nettavis

 (05.11.2008)

ABC Startsiden tek initiativet til å starta ei riksdekkjande nettavis på nynorsk – den fyrste i sitt slag, melder Bergens Tidende.
– Me ønskjer å forsterka nynorsken på internett. Dette er i tråd med ynskjer frå det offentlege. Men me er avhengig av å tena pengar på det, seier sjefredaktør Espen Udland i ABC Startsiden.

Selskapet står bak nettavisa ABCNyheter, som med 200.000 daglege brukarar er den femte største i Noreg.
– Det viktigaste er at det blir ei nettavis med høg kvalitet, seier Espen Udland til Bergens Tidende. Han understrekar at planane er veldig ferske. Det er difor enno ikkje sikkert om avisa blir ein realitet.

ABC Startsiden sin nettportal startsida.no kom i 2005 i eiga nynorskutgåve. For dette nybrotarbeidet fekk Espen Udland og ABC Startsiden målblome frå Noregs Mållag. Dette initiativet vart ikkje noko økonomisk suksess, og nynorskversjonen har berre 23.000 unike brukarar i veka. Dette er sjølvsagt svært lite samanlikna med bokmålsutgåva sine to millionar.
Sjefredaktør Espen Udland har no sendt ein førespurnad til Kulturdepartementet, der han ønskjer hjelp til å avklara om det er interesse for prosjektet, skriv Bergens Tidende.

Magni Øvrebotten, leiar for Nynorsk Mediesenter i Førde, seier til BT at ho er positiv til planane.
– At nynorsken kan få innpass som eit godt nyheitsspråk på nettet, er viktig. Der er det dårlege tilstandar samanlikna med stoda i radio og fjernsyn.




Hege Lothe

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS