FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. OKTOBER 2019
Mediemållaget
v. B. Rekve, Dyretråkket 29 -
1251 Oslo
E-post: mediemallaget @ mediedagane.no

Framsida Nyhende, aktuelt, arkiv Dei nynorske mediedagane Dei nynorske mediedagane 2008 Dei nynorske mediedagane 2009 Dei nynorske mediedagane 2010 Dei nynorske mediedagane 2011 Språkråd Nynorsk redaktørpris Om oss Organisasjon Lenkjer

Den nynorske mediefesten: Prisutdeling, Dagfinn Nordbø og KorteBrok

 (18.08.2010)

Fredag 22. oktober kl. 19.00

Den nynorske mediefesten under Dei nynorske mediedagane byr på musikalsk nyskaping. Det vert dessutan utdeling av Nynorske redaktørpris og anna (programmet vert oppdatert).

Festkåsør Dagfinn Nordbø
Dagfinn Nordbø er humorist og tekstforfattar, for mange kjend for tekstar for Hallo i uken, ulike komikarar, og som spaltist i VG. Han har òg bandet Det Norske Poesi & Satireorkester.

KorteBrok - rap frå Hovdebygda, unplugged
Ei utbrytargruppe frå hip-hoporkesteret Side Brok har skipa denne nye kvartetten som skal spele sin aller fyrste konsert under Dei nynorske mediedagane.

KorteBrok spelar Side Brok-låtar i meir jazza og akustiske versjonar. Dei spelar til og med Side Brok-låtar som Side Brok ikkje har spela før.

Dette er rap for dei som likar å sitje på konsert. Rap for dei som likar å drikke vin, og få med seg tekstane. Rap for dei som likar jazz.

Runar Gudnason - rap (biletet)
Pål Olav Loftesnes - rhodes
Audun Ellingsen - kontrabass
Tore Brevik - trommer

Fredag 22. oktober kl. 19.00. Litterturhuset, Wergeland

Billettar kr 100,- (i døra)

(foto: Erik Aavatsmar)

Nyhende frå nm.no:


© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS