FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 7. DESEMBER 2019
Medisinsk Mållag
E-post: anakling @ online.no

Framside Arkiv og årsmeldingar Medisinsk journalføring Om oss Kontakt oss

Årsmelding 2007

 (02.02.2008)

Styremedlemer i 2007: Turid Thune, leiar. Haldor Slettebø, nestleiar. Arne Exner Nakling, skrivar. Øygunn Leite Kallevik, kasserar. Mette Løkeland Stai, styremedlem. Reidar Kvåle, styremedlem.

Laget hadde ved årsskiftet 162 medlemer. Det var 117 betalande medlemer i 2007. Det har vore både inn- og utmeldingar, men talet på betalande medlemer har vore stabilt.

Styret har hatt fire styremøte. På møta har ein drøfta kva saker Medisinsk Mållag skal prioritere å arbeide med framover. Ingen av styremedlemene har så mykje tid å setje av til mållagsarbeidet og styret har ikkje sett seg så høge mål. Eitt av måla er å prøve å få gjeve ut ”Medisinsk Journalskriving” i elektronisk utgåve. Ein god målven har skanna boka og ho ligg no føre i word-versjon og er rimeleg lett å redigere. Styret vil dele dei ulike emna mellom seg og søkje råd hjå kollegaer innan andre spesialfelt og såleis prøve å friske opp språket i boka og kanskje få inn nye ord og nemningar. Når den elektroniske utgåva er ferdig redigert, vonar vi at helseføretaka og dei medisinske fakulteta vil legge ut link til boka på nettsidene sine. Vi vil sjølvsagt legge link til boka på vår eiga nettside.

Styret har også hatt som mål å få ei heimeside opp og gå. I februar 2007 var Øygunn Kallevik og Turid Thune på møte i Noregs Mållag saman med dei andre yrkesmållaga. Ein drøfta der sams problemstillingar. Alle la fram ynskje om betre hjelp frå NM til å halde kontakten med medlemene. Etter dette vart det oppretta ei eiga heimeside for alle yrkesmållaga. Medisinsk Mållag har så langt ikkje fått opplæring i å bruke sida sjølv, men vi har i alle fall fått lagt ut litt informasjon på sida. Vi har vorte lovde å få opplæring i 2008.

Medisinsk Mållag prøver å få tak i e-postadressene til flest mogeleg av medlemene. Vona er at Noregs Mållag kan hjelpe oss med dette og opprette ei sams adresse for utsending av medlemsinformasjon. Så langt har leiaren send ut møteinnkallingar via e-post til alle vi har adressa til, dei andre har fått vanleg brevpost.

I november vart Medisinsk Mållag presentert med ord og bilete over to sider i ”Paraplyen” som er medlemsbladet til Hordaland og Sogn og Fjordane legeforeining. Etter dette kom det fleire innmeldingar i laget.

Diverre hadde ingen av styremedlemene høve til å møte på årsmøtet i Noregs Mållag.



For styret

Turid Thune
Leiar

15.01.08

Nyhende frå nm.no:

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS