FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Nord-Aurdal Mållag
E-post: aud.soyland @ bbnett.no

Framsida Bøker frå Kvitvella Forlag Helsingskort Slik tingar du bøker og kort Valdres Mållag

Oppsummerer jubileumsåret

Når Nord-Aurdal Mållag samlast til årsmøte tysdag, kan laget oppsummere at det på ny har hatt eit svært aktivt år. 50-årsjubileet var ein viktig grunn. Årsmøtet er i møterommet til laget i Gulbygningen på Leira, tysdag 3. februar kl. 19.00 til 21.30.

I 2014 har Nord-Aurdal Mållag markert 50-årsjubileet med stor jubileumsfest på Valdres Folkemuseum og med å gje ut jubileumsboka Reint som gull. Laget har fått trykt nye helsingskort, og har no tjue kort til sals, i tillegg til bøkene som har kome ut på Kvitvella Forlag.

Saman med avisa Valdres og Valdres vidaregåande skule har mållaget for andre år på rad arrangert kronikk-konkurranse. Vinnarane i år var Eigil Steinsfjord i vaksen klasse og Andrea Bringaker Grøneng i ungdomsklassa. Vidare samarbeidde mållaget med Fagernes Libris og Nord-Aurdal folkebibliotek om Bok i Valdres, som vart arrangert for fjerde gong.

Nord-Aurdal Mållag hadde 99 medlemmer i jubileumsåret - ein nedgang på fire samanlikna med året før. Sjølv om laget har investert i nye kort og gitt ut ei ny bok, er økonomien solid. I alt fekk laget inn 32 000 kr i støtte i 2014, og dessutan gir kort og bøker jamne inntekter.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS